Kjapp læraravtale?

Nye undervisningsformer krev fleksibilitet også av lærarane. Men arbeidstidsordningane må vere slik at dei får tid til å lese, tenkje og reflektere.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert

For kjapp læraravtale, slo Dagbladet fast på leiarplass 24. mars. Bakgrunnen var eit forsøk der skule og SFO (skule-/fritidsordning) skal sjåast i samanheng. Statsråden må sjølv avklare departementet sitt syn. For Lærarforbundet er det opplagt at avtalen ikkje rokkar ved heilt sentrale prinsipp som at grunnskulen skal vere like tilgjengeleg for alle og gratis for alle.

Lærarorganisasjonane og KUF har avtalt fem sentrale forsøk om arbeidstid og arbeidsformer i skuleverket. Grunnlaget er ei intensjonserklæring som vart inngått som ein del av tariffoppgjeret 2000. Målet er å kombinere lønnsauke og fornying for å bøte på rekrutteringskrisa i skulen.

Eit poeng med forsøka er å skaffe røynsle og dokumentasjon som grunnlag for endringar i arbeidstidsordningar og skuleorganisering. Eit første steg vart teke våren 2000 med endringar i gjeldande arbeidstidsavtale for lærarar.

Spare pengar

Vi ser no at ein avtale som er meint å fremje pedagogikk og læring, blir brukt av arbeidsgjevarsida til det som synes å vere overordna det meste for tida - å spare pengar. Lærarane vil ikkje finne seg i at ein avtale som er meint å vere ein kvalitetsreiskap og eit vern, blir misbrukt. Lønnsoppgjeret i fjor og endringane i arbeidstidsavtalen var ei oppfølging av stortingsmeldinga om rekruttering til læraryrket. Eg reknar med at statsråd Giske framleis meiner at det er «lærerne som er nøkkelpersonalet, og at skolen er en spennende og viktig arbeidsplass, og den trenger inspirerte lærere». I den samanhengen er det neppe ein «krig» om arbeidstid som best vil fremje rekruttering til og kvalitet i skulen.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer