Kraftsymbolikk

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Goddagboka!

NTB har sendt ut ei melding om at Eigersund Frp vil at kommunestyremøta skal avsluttast med fedrelandssalmen «Gud signe vårt dyre fedreland». Det vil skape høgtidsstemning, argumenterer den lokale Frp-leiaren Berg.

NTB-journalisten har forsømt si kritiske oppgåve når han ikkje skjønar indoktrineringa: «og lat det som Hagen bløma», er det velkjende framhaldet etter første verselina til Blix-salmen.

Og etter ei stund vil vel denne eigersundaren byte song: «Mellom bakkar og Berg», blir nok det neste framlegget.

Helsing

Ivar Elias Berghagen