Kva får ein barnefamilie til å oppsøke dette?

Bård Vegar Solhjell er i Israel og Palestina for første gang.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon
Kva får ein barnefamilie til å oppsøke dette?
Kva får ein barnefamilie til å oppsøke dette?

|||Nabeel Al-Kurd sine foreldre flytta inn i eit lite hus i Aust-Jerusalem i 1948. Sjølv har han budd der sidan han vart fødd for 56 år sidan. Mor hans på 87 bur der enno. (Nabeel, advokaten hans og eg er på biletet foran påbygget).
 
For 9 år sidan bygde han og storfamilien på huset. Utan tillatelse, slik alle palestinarar som bygger på gjer det. Ingen får lov til det av myndigheitene. Då han er ferdig blir påbygget låst av politiet, og han får ikkje ta det i bruk.
 

Så, for nokre månedar sidan, våknar familien ein dag og ser at israelske busettarar har flytta inn. I påbygget. Som er skilt frå huset av ein tynn vegg. Same inngangsparti.
 
Dette er ikkje uvanleg. Flyktninghjelpen sin representant i Jerusalem m einer at om lag 60.000 palestinarar er drive vekk frå heimane sine. Over gata for Nabeel sitt hus ligg eit større fleiretasjes hus. Fleire palestinske barnefamiliar vart tvunge ut av det. Inn har 8 familiar av ortodokse og ultraortodokse jødar flytta. Eg treng vel ikkje seie at nabolaget er ekstremt konfliktfyllt, og tungt politiovervaka. (sjå bilete av huset med ein av dei tidlegare eigarane).
 
Nokre av dei står utanfor huset, og eg går bort for å snakke med dei. Etter kvart sender dei ut sin talsmann, Jonathan. (sjå biletet der eg diskuterer med han)
 
Det vert fort klart at vi er usamde om den internasjonale rettstilstanden til området (eg og FN meiner det ligg på okkupert område i Aust-Jerusalem). Men meir interessant for meg er dette spørsmålet; Kva får ein familie med små barn til å flytte inn i eit hus som ein annan barnefamilie er blitt kasta ut av? Og kva får dei til å oppsøke ein så konfliktfyllt oppvekst for sine barn?
 
Svaret er at Gud har gitt dei dette landet, og dei skal ta det tilbake. "We are on God's side, and they are on the Devil's side". Han bekreftar at dei ventar at heile gata vil være overtatt av busettarar i løpet av kort tid. Og eg får bekrefta av andre kjelder at byen har utbyggingsplanar for området, som er eit palestinsk område som ligg opptil fleire israelske.
 
Dette er Jerusalem, den heilage byen. Her vert palestinarar systematisk tvangsflytta frå heimane sine og israelske busettarar vert flytta inn. Israel bygger og flyttar seg ut over sine eigne grenser, og gjer samstundes ei fredsløysing meir og meir fjern.
 
Eg kjenner det som eg har crashlanda i det vanskelegaste spørsmålet i denne konflikten. Men mest av alt sett personlege tragedier, og ein brutal utdrivingspolitikk, på nært hald.