Kva har hendt med den fjerde statsmakti?

Media er som ein tannlaus chihuahua.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Eg kan ikkje anna enn å undra meg over kva som er i ferd med å henda med samfunnet - når eg ser på kva innstilling media tek når det gjeld det å vera samfunnsvaktbikkje.

Meir og meir - kvar ny dag - upplever eg media som ein tannlaus chihuahua - i staden for ein illsint, og kvasstanna Dobermann-Pinscher, eller Rottweiler.

For å seia det på anna vis: Media, som burde vera nedstamma i rett line frå Fenrisulven, synest heller å ha eit innett ynskje um å vera eit «ålreit dyr», som brekar i staden for å gjøy.

Det norske samfunnets byråkratiske system er så breiddfullt av hykleri - som burde vore avslørd og avklædd, men media vågar ikkje lenger vera små gutar som ropar: Sjå, keisaren er naken!

Og dersom det finst ein liten gut som vågar å ropa det - hender det altfor ofte at media tegjer han ihel. Serskilt vil eg nemna sakshandsamingi når det gjeld visumsøknadar ved norske utanriksstasjonar - som på mange måtar er under einkvar kritikk - men som ingen vågar å kritisera på høgt plan.