Kvifor ikkje eit steg lenger?

Kutt momsen i det heile. Dernest kutt ut alle andre avgiftor staten tek inn og innfør flat skatt, skriver Lars-Toralf Storstrand.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

KIWI-sjef Per Erik Burud tenker business. Det er ikkje nokon løyndom. Difor vil han genom alle butikkane i KIWI-keda fram til nyåret sjølv bera kostnadane med moms på frukt og grønt. Det vil føra til at utsalsprisane på frukt og grønt vil falla noko, eller kring 12-14 prosent, etter det VG fortel.

Totalt skal visstnok dette kosta KIWI-keda sine 413 butikkar utover heile landet mellom 60-70 millionar kroner. Men han hevdar at han trur det vil løna seg (serleg helsemessig) avdi folk vil kaupa meir frukt og grønt og det er godt for helsa.

For å fremja det nye framstøtet hadde han fått med seg vanhelseminister Sylvia Brustad på det han sjølv meiner er eit pr-framstøt.

Men er spørsmålet eigenleg kor mykje frukt og grønt folk kauper? Kor mykje meir frukt og grønt går eigenleg i båset med denne løysingi?

Men Burud hev eit poeng:

- Det hadde vært gull om Brustad hadde kuttet momsen på disse varegruuppene.

Grunngivingi hans er at det kostar det norske samfunnet 6-7 milliardar kronor kvart år med dei skadane som overvekta medfører seg, medan eit momskutt på frukt og grønt utgjer berre ein liten milliard.

Forskinga styd han ogso på dette.

Men Burud er ikkje fyrst ute. For Statens råd for ernæring og fysisk fostring har også dei seinaste åri kempad for å fjerna momsen på frukt og grønt. Dei trur at eit sovore tiltak vil hindra sjukdom, og vil vera ei god investering.

Dei um det. Eg veit um ei enda betre investering.

Kutt momsen i det heile. Dernest kutt ut alle andre avgiftor staten tek inn og innfør flat skatt.

Men ein må sjølvsagt gå lengre. For det statlege utgiftsnivået må ned. Difor skal ein ogso giva sparken til alle uvalde byråkratar.

Det ville frigjort så enorme summar med pengar at det mest er ufatteleg.

Staten kunde då halda på med dei tre tingi ein stat skal driva med.

1. Tryggja folket frå indre fiendar, gjennom politiet.

2. Tryggja folket frå ytre fiendar, gjennom militæret.

3. Syta for infrastruktur.

Men enn så lenge: Kven er eigenleg John Galt?