Langsomheit og klimasinker

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

KLIMA: Dagbladet sin leiar 26.april meiner Senterpartiet må ta eit oppgjer med «langsomheta i egne rekker» for å få opp vindkraftproduksjonen i Noreg. Dagbladet har rett i at vi ikkje har kome langt nok i satsinga på produksjon av fornybar energi.

Senterpartiets landsmøte varsla ei storsatsing på fornybar energi. Eit grønt næringsliv og grøne arbeidsplassar er løfta høgast på prioriteringslista. Vinden må framover få fleire møller å blåse på, vi skal ha meir småkraft og meir bioenergi. Bodskapen er klar: Soria Moria II må ha eit langt sterkare fokus på klima og fornybar energi enn det Soria Moria I har. Ønsket om meir «Osteklokkevern» vil i større grad måtte vike for berekraftig bruk av naturen. Vi må produsere meir rein energi som erstattar miljøfarlige klimagassar.

Naturvernforbundet ropar stadig om auka satsing på fornybar energi. Samtidig protesterer dei mot anlegga som skal produsere denne energien. Berre dei siste åra har dei markert motstand både mot vindkraftverk, vasskraft og mot bioenergi i skog gjennom å gå mot utbygging av skogsvegar. Dei protesterar òg mot kraftliner som skal føre straumen fram. Då vert det lite utbygging av ny rein og fornybar energi. Haltbrekken kallar utbygde områder for «øydelagde». Dette er misvisande. Småkraftverk er ofte små utbyggingar som gjer minimale inngrep i naturen. Han vil heller ikkje bruke ubrukte områder. Vindturbinar må stå på stader der det bles. Slike område er ofte ikkje tidligare bygd ut.

Det blir vanskelig å få opp satsinga på vindkraftsatsinga eller annan fornybar energi om ein skal følgje Haltbrekkens råd. Senterpartiet er samde i at ein del områder og vassdrag skal skjermast mot utbygging, men Naturvernforbundet rundt om i landet protesterer for tida mot nær sagt alle prosjekt.

Senterpartiet tar trugsmålet om tap av biologisk mangfald på alvor. Nettopp difor må vi satse vidare på småkraft og anna ny fornybar energi. Det aller største trugsmålet mot verdas biologiske mangfald, er klimaendringane. Det hjelper Haltbrekken lite å ha to tankar i hovudet samtidig, når dei står i direkte motstrid med kvarandre