Liberalismen og venstresida

Som politisk og rettsleg teori er liberalismen sosialismens forutsetning. En sosialisme som ikke slik er forankret i liberalismen, kan jeg ikke se at det er noen grunn til å kjempe for. Dette synspunktet hevda Rune Slagstad for snart 20 år sidan.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det tragiske for norsk venstreside, og norsk politikk, er at då Rune Slagstad abdiserte frå den venstreintellektuelle debatten, så stod til dømes Ottar Brox og heile den konservative venstresida igjen utan «naturlege fiendar». Og i staden for at ein liberal sosialisme kunne vinne oppslutning, så vart liberalisme eit skjellsord på norsk venstreside. Det må det gjerast noko med!

Problemet har vore at den analytiske evna til å skilje økonomiske stridsspørsmål frå politikk som galdt det sivile samfunnet og den private sfæren har vore for dårleg. Eg vil påstå at det først og fremst er fordi desse to områda ikkje har vorte haldne frå einannan at liberalismen har kome i miskreditt på venstresida.

Fridom - fellesskap

Bør det vere typisk norsk å vere kristen? Skal staten prøve å påverke kven av foreldra som skal vere heime medan barna er små? Bør voksne menneske få lov å sjå på porno? Slike spørsmål dreier seg om kor mykje fellesskapen skal bestemme over individet, og krev heilt andre normative vurderingar enn spørsmål som dreier seg om økonomisk rettvise.

I angloamerikansk politisk teori har to grupperingar stått hardt mot kvarandre dei to siste tiåra. Kommunitaristane, eller fellesskapsforsvararane, har angripe liberale politiske løysingar og politikk basert på individuelle rettar. Denne politikken er med på å undergrave fellesskapskjenslene både på lokalt og nasjonalt nivå, meiner dei. Det bør difor fokuserast meir på plikter, og individa må finne seg i å gje slepp på ein del av autonomien sin.

Mange liberalarar deler dei kommunitaristiske vurderingane av fellesskapets betydning. Men derifrå og til å gje staten meir makt i spørsmål som dreier seg om livsførsla til den einskilde, er eit sprang gode liberalarar aldri vil vere med på.

Om ein overfører debatten til norske forhold, kan det hevdast at problemet for den norske venstresida ofte er at den same logikken ein er vane med å bruke i spørsmål om økonomisk rettvise, også vert brukt på heilt andre saksområde. Den liberale sensitiviteten glimrar for ofte med sitt fråvære. Å krevje likskap når det gjeld livsformer, kan vere undertrykkjande for minoritetar og for individ som ikkje følgjer straumen.

Fridom - likskap

Den økonomiske marknaden kan sjåast som eit einaste stort samarbeid mellom samfunnsmedlemmene. Spørsmålet er: Kva er ei rettvis fordeling av byrder og gevinstar i dette samarbeidet? Høgreliberalistar vil hevde at dei som bidrar mest økonomisk til det økonomiske resultatet, også skal ha mest att.

Som den ideologiske vinnaren i Noreg ved årtusenskiftet lyt vi kåre utilitarismen eller nyttefilosofien. Den føreskriv at samfunnet vert organisert slik at det samla sett vert produsert mest mogleg gode og færrast mogleg byrder. Problemet for sosialdemokratane, utilitaristane par excellence, er at når den interne fordelinga stadig vert ofra i von om å betre det samla resultatet, så hamnar ein raskt i strid med tradisjonelle sosialdemokratiske ideal.

Ved å bruke omgrepet liberalisme når det er tale om utilitarisme eller høgreliberalisme, er det lett å oversjå at den liberale tradisjonen også rommar ein venstreliberal tenkjemåte som i røynda opnar for massive statlege inngrep i økonomien. Sett frå denne venstreliberale synsmåten er den rettferdige politikken berre den som er til størst fordel for dei som har minst å rutte med. Av ein slik tenkjemåte kan sosialistar lære at økonomisk undertrykking handlar om meir enn meirverdi.

Liberal sosialisme

Slik det ser ut for meg, vil rettferd i økonomiske spørsmål krevje ei form for sosialisme. Statleg intervensjon må til for å sikre ei rettvis fordeling og for å skaffe folk dei materielle ressursane som er ein føresetnad for autonomi. Dessutan må demokratiet i arbeidslivet byggjast ut vidare med fleire organ for samråding. Men når det gjeld politikk retta mot det sivile samfunnet og privatsfæren, er det den klassiske liberalismen vi må høyre på. Her kan ein for aktiv stat true autonomien vår.

I sum betyr det liberal sosialisme.