Lønnsbalanse - offentleg og privat

Lønnsnivået for utdanningsgruppene i offentleg sektor er langt lågare enn for tilsvarande grupper i privat sektor. Skilnadene går tiår tilbake.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Skilnadene heldt fram å auke gjennom 90-talet, og er no for mange på mellom 50000 og 100000 kroner. Dette gjer det så vanskeleg å rekruttere og behalde kompetent personale til viktige velferdsyrke at det skadar samfunnet.

Folk flest blir ramma. Både innbyggarane og næringslivet er avhengige av at offentleg sektor kan utføre oppgåvene sine på ein god måte. Dessutan er det grunnleggande urimeleg at avkastninga på utdanning skal vere langt dårlegare i offentleg sektor enn i privat sektor.

Folk skjønar at dette ikkje kan halde fram. Ei undersøking Feedback Research har gjort for Utdanningsgruppene sin hovudorganisasjon (UHO), underbyggjer at offentleg tilsette bør tene like mykje som eller meir enn tilsette i privat sektor med tilsvarande utdanning. Åtte av ti meiner dette, og seks av ti meiner at skilnadene i dag er urettferdige. Kvinner er klarast i så måte. Det er tydeleg at det har vakse fram ein kvinneallianse på tvers av sektorane som støttar eit lønnsløft for offentleg sektor.

NHO sin teologi

Folket sitt syn må vere ein tankevekkjar for NHO og ein del andre miljø som nærast har gjort det til teologi at lønnsnivået i offentleg sektor må haldast nede. Det er eit problem at dei har lykkast!

Ei årsak til dette, og dermed det uføret samfunnet er kome opp i, ligg i måten den norske forhandlingsmodellen har fungert på. Det har vore ein norsk tradisjon at konkurranseutsett sektor langt på veg bestemmer lønna for alle. Denne ordninga har si forankring i etterkrigstidas økonomiske politikk. For å halde kontroll og oversikt skulle sektoren bestemme kva landet hadde råd til, ikkje minst når det gjaldt lønnsnivå og lønnsutvikling i offentleg sektor. Då - som no - blei offentleg sektor i mange miljø sett på som ein utgiftspost. Framleis er det slik at verdiskaping blir knytt til lønnsemd i kroner og øre, noko som blir ei hindring for offentleg sektor.

Denne praksisen har vore så rotfesta at heilt opp til i dag har både ramme og profil frå ein liten del av industrien, det såkalla frontfaget, blitt overført til tariffoppgjera i offentleg sektor.

Problemet er at lønnsutviklinga i store delar av privat sektor systematisk blir undervurdert. Funksjonærane er t.d. ikkje med når rammene blir fastsette, og lønnsglidinga blir ofte vurdert for lavt.

Utdanning lønner seg dårleg

Resultatet blir at det lønner seg for dårleg å investere i eiga utdanning og deretter ta arbeid i det offentlege. Særleg dårleg lønner det seg for mange kvinnedominerte yrke. Lønnsdiktatet frå privat sektor blir dermed også ei hindring for å oppnå likelønn. Systemet sementerer både lønnsskilnader og kjønnsskilnader på ein uheldig måte.

Holden-utvalet, «En strategi for sysselsetting og verdiskaping» (NOU 2000:21), stilte også spørsmål ved truverdet til frontfagsmodellen. Utvalet konkluderte med at det på fleire område er nødvendig å vurdere endringar i måten lønnsdanninga skjer på. Etter det har lite skjedd, og ei rekkje utspel frå NHO tyder på at der i garden tenkjer ein framleis status quo.

Det kan vere forståeleg, sidan det gir makt og kontroll over lønna for alle. UHO meiner at det her må endringar til. Det må kunne gjerast utan å kaste vrak på ideen om at konkurranseutsett sektor over tid er ein målestokk for lønnsutviklinga i samfunnet. Og ingen er tent med at grunnlaget for den konkurranseutsette industrien blir svekt. I eit samfunn med høg aktivitet og låg arbeidsløyse vil ein lønnsvekst som går ut over produktivitetsveksten i økonomien, etter kvart gi seg utslag i aukande prisvekst og høgre rente. Poenget er at det må bli betre balanse mellom privat sektor og offentleg sektor når det gjeld lønn.

Lønnsskilnadene er så store at det trengst meir enn eitt oppgjer for å tette gapet. Ulike verkemiddel må brukast for å heve lønna, også koplingar til omstillingar og produktivitetstiltak. I det komande tariffoppgjeret er det rett og slett nødvendig med større rammer til offentleg sektor. Ein snuoperasjon må starte. Og det må innebere noko meir enn eit reparasjonstiltak og ei forbigåande botsøving i år.