Politiets Fellesforbund har nett no levert høyringsfråsegn til forslaget om at kjøp av sex skal verta ei kriminell handling. Me er glad for at regjeringa går inn i denne problematikken. Trafficking er eit ord som i Noreg vert sett i samanheng med prostitusjon, og prostitusjon er ei av dei verste formane for handel med menneskje.
Men me ser mange faglege og prinsipielle innvendingar mot å kriminalisera sex-kjøp. Blant anna er me usikre på kva for fylgjer kriminalisering vil ha for dei som levar av å selje sex, nemleg dei prostituerte sjølve. Vil det hjelpa dei ut av ein særs vanskeleg livssituasjon, eller vil dei måtte trekke under jorda og sånn sett i skjul for dei som prøvar å hjelpa og meir lageleg til hugg for dei som gjer det motsette?
I denne saka har me konstatert at det er politisk fleirtal for at kjøp av sex skal verta forbode. Det har me teke til oss, og me har difor ikkje tatt stilling til hovudspørsmålet. Me har i staden valt å sjå på vilkåra for at eit forbod skal verta effektivt.
Ei kvar handling som vert forbode, må få knytta til seg sanksjonar. Men da må også nokon sjekka om forbodet vert brote og deretter syta for at sanksjonane vert satt i verk viss det er tilfellet. Viss ikkje, mistar folk respekten for lova. Har me mange lovar som folk ikkje risikerar noko for å bryta, vil det naturlegvis i neste hand svekkja respekten for rettssystemet vårt.
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger