Makt og markering

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Kven er denne Odd Roger Enoksen som skal arva Senterpartiet? Med Per Olaf Lundteigen og Åse Grønlien Østmoe som politiske vaktbikkjer? Bortsett frå at det verkar som om han har vel så godt grep på partitorva som på den kommersielle sametorva heime på Andøya. Og bortsett frå at Thorbjørn Jagland kallar han «løsningsorientert og sympatisk» - noe han aldri ville ha funne på å seia om Anne Enger Lahnstein.

Ein politikar som ikkje bare aksepterer, men gjerne bruker merkelappen «pragmatisk» om seg sjøl, er ikkje lett å plassera. Han er ikkje høgre eller venstre, men kan utan problem vera både høgre og venstre etter som det passar. I Senterpartiet har det vore den historiske prototypen, men folk som er prinsipielt pragmatiske av legning og ikkje bare av nødvendighet, har hatt tronge politiske kår dei siste åra. Enoksen har vore ei av dei få kjerringane mot den retoriske straumen i eit stadig meir radikalisert korps av tillitsvalde.

Enoksen var den moderate høgresidas kandidat då han blei valt til nestleiar etter eit vedtektsmessig kunstgrep og eit politisk rovmord på forgjengaren. Ved årsskiftet åpna han døra for regjeringssamarbeid mellom sentrum og Høgre etter neste stortingsval. Denne veka har han vore ute med det han sjøl kallar «en utstrakt hånd» til Arbeiderpartiet om neste års budsjett. Det verkar som om han har lært seg Jagland-piruetten: Å koma med så innbyrdes motstridande utspel om samarbeid at ingen anar kvar han eigentlig står, og med det skaffa seg armslag.

Senterpartiet vil ha både makt og markering, men dei to går dårlig i hop for tida. Regjeringsmakta reduserer markeringsmulighetene. Det er eit dilemma for partiet.

Men i motsetning til problem, som ein kan løysa, er dilemma noe ein må leva med. Det er sjølve politikkens vesen. Ein må kunna gå fleire vegar, men unngår ikkje å velja - enten det er mellom pest og kolera eller mellom blåsyre og arsenikk. Det rette blir alltid galt for noe, og for noen.

Eit dilemma er eit vegkryss - med muligheter og farer. Som Hill-Marta Solberg formulerte seg på Arbeiderpartiets landsmøte: «Det er farlig å parkere i et veikryss. Da blir man lett overkjørt.»

Når Senterpartiets leiande kadrar for tida skal forklara partiets posisjon for torva, må dei tona ned dei synlige flaggsakene. Dei legg heller vekt på politikkens mindre synlige, men byråkratiske materialitet, på at samfunnsmessige kursendringar er avleiringar etter politiske signal og føringar, regelverk og forskrifter som blir produsert i departementa.

Det går rimeligvis greit i bondelag og andre vennligsinna interesseorganisasjonar. Det er pragmatiske fora som ser fordelen av å ha forståelsesfulle venner på den andre sida av bordet. Dei er mindre opptatt av prinsipielle markeringar enn av pragmatiske marginalar.

Det går også greit i møte med partifeller med bakgrunn frå møysommelig lokalpolitisk strev der det er resultata som tel. Dei har stor forståelse for at ting tar tid, og at det er mange omvegar å gå.

Det er mye vanskeligare i det lausare politiske omlandet, hos dei som har gitt Senterpartiet si prøverøyst ved eit par val. Dei ser kanskje debattar i TV2 og oppfattar politikk som klare markeringar og direkte tale. Dei vil heller ha prinsipp og opposisjonsretorikk enn posisjonar og pragmatikk. Dei er meir opptatt av markeringar enn av makt. Derfor ser dei ikkje lenger Senterpartiet - og om dei ser det, likar dei ikkje det dei ser. Dei likte Markerings-Anne betre enn Makt-Anne.

Lenin skreiv boka «To skritt fram og ett tilbake». Bondeviks smale koalisjonsregjering har også sett sin lit til den gangarten, trass i at stortingsfleirtalet rett som det er instruerer dei til å ta fleire steg tilbake. Så lenge dei meiner dei kjem eit og anna steg framover i den retninga dei vil, går dei gladelig med på litt ujamn takt.

Verre er det dersom ein må omformulera Lenin til «To steg fram, eitt tilbake og eitt til sida». Då går det rett nok også langsomt framover, men samtidig til sida. Det er i den posisjonen regjeringa har hamna gjennom budsjettforlika med Høgre og Fremskrittspartiet. Det er den gangarten arveprins Enoksen i Senterpartiet nå tar til orde for å justera. Han vil halda fram med å gå to steg fram, eitt tilbake og eitt til sida - men til den andre sida. I pardans med Jagland, som er med på vårflørten.

Det er mulig at Enoksen står til høgre for Lahnstein, som gjorde krav på å stå til venstre for Arbeiderpartiet etter at Gro og Jagland hadde flytta det mot høgre. Kor Enoksen då står i forhold til Jagland, og kor Jagland står i forhold til Jagland, blir eit vanskelig reknestykke. Men politikk er ikkje matematikk - verken geometri eller aritmetikk. Og heller ikkje 36,9 er noe fast punkt lenger.