Måltroll II

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

«Historia bør stadig skrivast omatt, men Dagboka har valt seg eit vanskeleg prosjekt når ho seier at Måltroll-teikninga til Olaf Gulbransson syner Dagblad-redaktørane Hagbart Berner og Lars Holst . På teikninga er det elles tre personar, og målfolk flest har alltid trudd at dei tre trolla var Arne Garborg (150-årsjubilant 25.1.), Per Sivle (1857- 1904) og gubben sjølv, Ivar Aasen Teikninga er ofte brukt i målsamanheng, og sto på prent i Tyrihans' julenummer 1899 skriv ordbokredaktør og 1. amanuensis ved Nordisk institutt, Universitetet i Oslo, Dagfinn Worren. Dagboka takkar og raudnar.