Marknadsstyrt kvalitet i skulen?

Vil vi framleis ha ein skule der alle kan få lik sjanse til å lære?

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

«Alle skulane på nett,» seier kvalitetsutvalet, og meiner tydelegvis at ein portal til Internett i seg sjølv kan løyse mange av kvalitetsproblema i skulen. Det er viktig med ope innsyn i det arbeidet skulen gjer, og framlegget om nettbasert informasjon har utan tvil framtida for seg. Likevel er det eit stivt stykke å omtale ein slik portal som eit «verktøy for kvalitetsutvikling». Det interessante for skuleutviklinga må vere det innhaldet, dei opplysningane, som blir formidla, og - ikkje minst - korleis desse opplysningane blir brukte. Her har kvalitetsutvalet interessert seg meir for innpakkinga enn for innhaldet.

I fleire avgjerande spørsmål har kvalitetsutvalet valt dei dårlegaste løysingane. Med eit par tastetrykk er utdanningsdirektørane i fylka raderte ut, utan drøfting av konsekvensane. Fem utvalde universitet og høgskular skal i staden utarbeide utviklingsprogram for skulen og drive rettleiing. Eit så sentralisert system kan vanskeleg få fram noko anna enn standardiserte utviklingsprogram, utan særlege omsyn til lokale tilhøve og ulike behov. Brukarstyringa kan lett bli eit innhaldslaust moteord når fem universitet og høgskular skal ta vare på utviklinga i 5000 skular.

Ny instans

Kvalitetsutvalet meiner at ein må skilje mellom vurdering av skulane og rettleiing og utviklingsarbeid. Utan nærare grunngjeving gjer utvalet framlegg om at ein ny, sentral kontrollinstans skal ha ansvar for vurderingsarbeidet. Ansvaret for rettleiings- og utviklingsarbeidet er derimot lagt til Læringssenteret, i samarbeid med dei fem universiteta og høgskulane. Ein treng ikkje vere spåmann for å sjå konsekvensane: to separate system, to byråkrati, ein god del dobbeltarbeid og ganske mykje kompetansestrid. Alt utan at nokon har eit samla ansvar for at skulane blir betre.

Ansvar

Utvalet har lagt stor vekt på det ansvaret skuleeigarane har. Men det er underleg at skulane og lærebedriftene knapt er omtalte. Utvalet har såleis ikkje funne grunn til å omtale det arbeidet skulane og lærarane må gjere for å vurdere og styrkje eigen praksis. I den seinare tida har både fagfolk og politikarar peikt på kor viktige lærarane er for utviklinga av ein god skule. Utvalet har sett bort frå slike synspunkt. Lærarane får inga sjølvstendig rolle i utviklingsarbeidet. Deira rolle er å vere vurderingsobjekt og mottakarar av rettleiing frå sentrale instansar. Det minner sterkt om den rolla Margaret Thatcher tildelte lærarane då ho innførte si Education Reform Act i Storbritannia i 1988.

Samanheng

Ideologisk og politisk er det nær samanheng mellom framlegga frå kvalitetsutvalet og høyringsframlegget om frittståande skular som kom for nokre veker sidan. Begge dokumenta er prega av marknadsorientering, konkurranse, målstyring og New Public Management-tenking. Om ein ser framlegga under eitt, får ein raskt eit bilete av framtidsskulen. Etablering av uavhengige, fristilte skular, der inntak av elevar mellom anna skal skje på grunnlag av karakterar, kan omforme skulesystemet i løpet av kort tid.

Todeling

Fritt skuleval inneber at alle foreldre som har høve til å velje, sjølvsagt vil satse på dei skulane dei meiner er best. Gjennom den såkalla kvalitetsportalen kan dei hente utfyllande opplysningar om kvar dei bør vende seg. Todelinga i «gode» og «dårlege» skular vil vere i full gang. Og da har vi fått fram «konkurransens fortrinn», om vi skal tru professor Jørn Rattsø, som snakka om desse spørsmåla på ein NHO-konferanse nyleg. Det viktige blir, etter det Rattsø sa, å syte for at dei gode skulane får gode vilkår for å utvikle seg og vekse. Dei skulane som ikkje får søkjarar, vil dermed ganske raskt kunne byggjast ned og avviklast.

Enkelt og greitt. Men er det eit slikt skulesystem elevane, dei føresette og samfunnet er tente med? Eller vil vi framleis ha ein skule der alle kan få lik sjanse til å lære? I så fall er det no vi må få debatten, slik at både kunnskap og synspunkt kan komme fram i større breidd enn dei har gjort i dei offisielle dokumenta.