Matz og lausdans

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

- Eg kjenner meg heime og lærer stadig nytt. No høyrer eg forskjell på gangar og springar: Men det er lausdansen eg likar best, det er skikkelig trøkk i hallingslåttane Rotneims-Knut og Sevlien.

Det er den vanlegvis ytterst urbane Matz Sandman som seier dette til avisa Hallingdølen. Fylkesrådmannen i Buskerud har skrive seg inn i Norsk Folkemusikk- og Danselag, sjøl om han verken spelar fele eller dansar halling.

- Dansen og spelinga får andre ta seg av. Eg passar best i verbalgruppa, seier han.