Monopol på læremiddel

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

SKOLE: På eit seminar om digitale læremiddel 28. april heldt statsråd Solhjell, eit inspirert og inspirerande innlegg. Han snakka varmt om kor mykje gode lærarar betyr for læringsresultata i skulen, og han snakka om kor viktig det er at det finst eit mangfald av læremiddel med god kvalitet som læraren kan velje mellom. For å få dette til, la han vekt på at vi må ha ein levande læremiddelmarknad der kvaliteten på læremidla kan sikrast gjennom konkurranse. Etter vår meining står både mangfaldet, konkurransen og lærarane og elevane sin rett til å velje dei læremidla dei sjølv meiner er best, i fare. Dette skuldast utviklinga av Nasjonal Digital LæringsArena (NDLA). Sidan 2007 har 18 fylkeskommunar brukt ein aukande del av pengane som er løyvd til læremiddel, til å finansiere utvikling av digitale læremiddel i fylkeskommunal regi gjennom prosjektet NDLA. Deira mål er å produsere heildigitale læremiddel i alle fag i vidaregåande opplæring. Læremidla skal vere gratis tilgjengelege på internett. Startkapitalen til NDLA blei løyvd av Kunnskapsdepartementet. I tillegg brukar no alle desse 18 fylkeskommunane midlar frå dei ordinære overføringane frå staten til å finansiere verksemda i NDLA. Når fylkeskommunane ønskjer å bli læremiddelprodusentar, ser det ut som at økonomisk innsparing er eit viktig motiv.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer