Mytane i kulturkampen

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

«KULTURKAMP»: I Dagbladets debattserie om kulturkamp slepp Asle Toje for lett unna når han resirkulerer mytar som passar med eit høgreradikalt røyndomsbilete.

Myte 1) Venstresida er snillistiske i innvandringsspørsmål og ser gjennom fingrane med omsyn til omskjering. Men å peike på utilbørlege kulturelle eller religiøse slagsider i norske fellesordningar, inneber ikkje å akseptere kvinneundertrykking i minoritetsmiljø. Å arbeide mot usynleggjering av etterkomarars kulturbakgrunn i skulen eller at prestar har religiøst monopol i det norske forsvaret, men samstundes vere kompromisslaust for ytrings- og religionsfridom, det er to sider av same sak. Begge deler gjeld borgaranes rettar og likeverd. Fagfolk er meir opptekne av kva som har effekt enn markeringskåte høgreaktivistar med omsyn til å motverke ulovlege praksisar i somme miljø. Men Toje, forskar som du er, spar oss for dei løgnaktige vulgaritetane.

Myte 2) Venstresida og kulturradikalismen har lidd nederlag fordi det no er semje om å vektleggje kunnskap i skulen. Ali og Kari har to tankar i hovudet når dei leier 1. klassingen til sin første skuledag. Dei vil ha kvalitet og at barna vert tatt vare på, syner undersøkingar. Dette er faktisk felles tankegods i veljarkorpset – så lenge vi ser bort frå Frp-veljarane: Der er det disiplin som er mantraet, stikk motsett av slik unge folk og dei høgutdanna som gruppe tenkjer. Når magasinet Economist år etter år kårar Noreg til verdsmeister i demokrati, heng det truleg saman med at skulen og den norske samfunnsmodellen er svært inkluderande og lærer oss opp til å vere likemenn. Toje og heiagjengen hans vil ha oss til å tru at venstresida er mot kunnskapsskulen. Men det handlar om å kombinere kunnskapsskule med inkludering. Den reelle skulepolitiske skilnaden er slik: Høgresida vil ha kunnskap og bryr seg litt mindre om folk får like sjansar. Venstresida vil både ha kunnskap og likskap.

Myte 3) Meir sosiobiologi og nypositivisme i samfunnsvitskapen viser kulturradikalismens endelege fallitt. For det første: 250 år etter at David Hume tok opp skiljet mellom er og bør, trur visst Toje, Nore og Eia at innsikter frå evolusjonspsykologien styrkjer ein politisk ståstad. Dei har gløymt ex.phil.-lærdommen om at observasjonsdata ikkje kan omsetjast til normative påstandar. For det andre: Natur verkar ikkje uavhengig av kultur – i det vi kallar sivilisasjon. I filmen «The Crying Game» fryktar den britiske soldaten at IRA-medlemmen som held han som gissel, skal drepe han. Soldaten fortel ei historie om skorpionen som skal over ei elv. Skorpionen kan jo ikkje symje, men han ber ein frosk hjelpe han. Frosken er skeptisk, men til slutt let han seg overtale. Dersom skorpionen drep han, vil jo begge døy. Men midt utpå elva kjenner frosken brått giftbrodden til skorpionen gå inn i seg. «Kvifor gjorde du det? No vil vi jo begge gå under». «Eg kan ikkje for det», svarar skorpionen, «For slik er naturen min». Menneska er ikkje skorpionar. Før som no har dei liberale og kulturradikale forstått det best.