Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Nyheter

Mer
Min side Logg ut

Når Sentrum-Høgre får makt

Dei som lurer på kva ei regjering av H/KrF/V kan bli, bør ta ein kikk på Oslo, som har åtte månaders erfaring med det som skjer.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I eit Dagblad-innlegg nyleg nemnte Venstres Odd Einar Dørum det fine samarbeidet Venstre har med H og KrF i Oslo. Dei har vori saman i byråd sia desember 2000. Regjeringsposisjonen gir større makt og pondus enn byrådet har, men i begge tilfella er det slik at nokre få politikarar får verv der dei kan styre, anten det gjeld samfunnet eller enkeltsaker.

Dei fleste partiprogramma er førvalslektyre for å tiltrekke veljarar, og har liten innverknad på korleis dei få utvalde bruker den nye makta si etter valet. Ap gjekk jo ikkje til val på privatisering og børsnotering av Statoil for fire år sia. Det er stats- eller byrådane sine handlingar som viser kva partia står for, når dei får makt. Mange hugser at Odd Einar Dørum (V) for to år sia dreiv aktiv valkamp i innvandrarmiljøa i Oslo og støtta retten til morsmålsundervisning. Byråds-Venstre, med skolebyråd Skei Grande i spissen, stemte nyleg mot dette, og nektar tilmed å følgje ordlyden i forskriftene til opplæringslova.

Fortid

Kristeleg Folkeparti har ei nær fortid med eit visst sosialt engasjement i boligpolitikken. I bystyret ga dette moglegheiter til nokre små, men viktige boligpolitiske endringar i enkeltsaker så lenge Høgre var mindretalsbyråd. For åtte månader sia vart opposisjonspolitikaren Ann Kathrin S. Tornås byråd for bolig- og byutvikling. Ho hadde knapt vorti van med byrådsstolen før ho fekk kasta ei svært stor sak i fanget: Den boligpolitiske sida av sjukehusreformen som A, H + Frp pressa igjennom i Stortinget. Oslo eig 1744 nedbetalte småleiligheter som til no har vori utleigd til sjukehustilsette. Husleigesummen i fjor var under halvparten av marknadsleige. Fordi småleiligheter er ekstremt dyre i Oslo i dag, ligg det skjulte milliardverdiar i denne boligmassen. Med skjulte verdiar meiner eg den verdien leilighetene har viss dei samfunnseigde boligane blir overtatt av private bissnissfolk som kan selje dei eller leige dei ut i den åpne marknaden.

Billigsal

Byrådet hadde fleire handlingsalternativ. Den vegen dei valde, er etterkvart delvis kjend: Salsforhandlingar utan gyldig takst og utan annonsering, ekstremt korte fristar, hemmeleghald av saksdokument og til slutt billegsal til ei kjøpargruppe som meglarfirmaet Sundal Collier & Co skulle setje saman etter at byrådspartia hadde fått støtte frå Frp og Uavhengige (Danielsen-gruppa) og dermed fleirtal i bystyret. Pris: 7500 kroner per kvadratmeter for leiligheter som vil koste det doble eller tredoble ved fritt vidaresal i marknaden.

RV er politisk usamd i å bruke samfunnet sine felles verdiar på denne måten. Det handlar om leiligheter som i åra frå 1952 til 1975 vart bygd og betalt med skattepengar. Vi meiner boligane framleis bør brukast i samsvar med det som var formålet da dei vart bygd: Billege leiligheter som skal gjere det lettare å få personale til sjukehusa. Byrådspartia og Frp er politisk usamde med oss og meiner det er rimeleg at dei skjulte verdiane blir overført til Sundal Collier-kundane. Den politiske uenigheta er oversiktleg. Men eg tviler på at den erfarne Venstre-politikaren og finansmannen Leon Bodd, som har profilert seg som talsmann for dei små i samfunnet, hadde forsvart denne transaksjonen viss ikkje Venstre hadde hatt ein bindande (og kneblande?) byrådsavtale med meglarvenene i Høgre.

Bryti lova

RV har dessutan lenge hevda at byråd Ann Kathrin S. Tornås og byrådsleiar Erling Lae (H) har bryti lova for å få overført dei skjulte verdiane til dei Sundal Collier-kundane som skal utgjere den ukjende kjøpargruppa. Siste ord er ikkje sagt om kva som er ulovleg. Men argumentasjonen vår har såpass mykje for seg at Fylkesmannen no har lagt ned forbod mot å fullføre salet som elles skulle vorti tinglyst 1. august.

Når sosialt engasjerte og fagleg dyktige politikarar som juristen Tornås (KrF) og finansmannen Bodd (V) kan bli med Høgres blårussgjeng i Oslo rådhus på slikt som dette, berre fordi dei har fått smake den nokså begrensa byrådsmakta, kva kan vi ikkje da ha i vente viss same alliansen skal danne regjering etter valet?

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media
Kode24 - nettavis om utvikling og koding Elbil24.no -  nyheter om elbil KK.no - Mote, interiør, og tips Sol.no - De viktigste nyheter fra nettsider i Norge Vi.no - Quiz, kryssord og nyttig informasjon Dinside.no - teknologi, økonomi og tester Se og Hør - Kjendis og underholdning Lommelegen.no - helse, symptomer og behandling