Norge – eit lett bytte for kven?

Det norske forsvar må rette seg mot framtida

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det som er meir tydleg enn nokosinne etter at forsvarssjef Diesen la fram forsvarsstudien er at Forsvaret sin hovudoppgåve ikkje lenger er forsvar av Norge frå ein ytre fiende. Eit slik trusselbildet eksisterar rett og slett ikkje lenger, då eit Europa der nesten nasjonalstatar er med i eit stadig meir overstatleg EU, og den gamle trusselen frå aust, Russland, nøyer seg med å herse med indre fiendar og gamle sovjetrepublikkar som Georgia. Russland oppnår i dag meir internasjonal makt og innflytelse som energileverandør enn som militær trussel, og det er Putin fult klar over.

Så kvifor er det i heil tatt nødvendig med eit norsk forsvar? Sjølv som trusselbildet i dag er ufarleg for Norge sin del, med tanke på fiendtlege statar, kan dette forandre seg, sjølv om dette vil ligge langt fram i tid. Eit stadig meir autoritært Russland kan bli ein trussel ein dag, om Putin sine etterfølgarar tar det autoritære styret fult ut.

Derfor er det viktig med eit norsk forsvar. Ikkje eit invasjonsforsvar, som under den kalde krigen, men som eit reiskap for suverenitetshevdelse. Altså, eit flyvåpen og eit sterkt sjøforsvar. Norge sine viktigaste ressursar, fisk, olje og gass, er alle å finne til havs, og å kunne beskytte desse, både mot framande makter (med tanke på tjuvfiske og anna økonomisk kriminalitet) og terroristar er viktig.

Ein hær eller heimevern trena til geriljakrig mot invasjonstyrkar skulle det ikkje finnast behov for. Hæren må trenast og rettast opp mot det som det er behov for at den brukast til. Norge sin viktigast rolle på dette feltet må være å stille styrker tilgjengeleg for internasjonale opperasjonar, og vern av nasjonale interesser mot terroranslag.

Altså, Norge treng eit forsvar. Men denne konklusjonen leiar til eit anna spørsmål. Kven skal utgjere forvaret? Allmenn verneplikt har vore den viktigaste rekruteringkjelda for forsvaret. Sjølv om verneplikta fortsatt er allmenn, er dette eit feilaktig begrep i praksis når ein ser på antalet som faktisk avtener militærteneste. Når antalet skal vidare ned kan vi risikere ein situasjon der forsvaret plukkar ut dei beste og sender resten avgåre til vidare utdanning og yrkesliv. Dette vil skape ein situasjon der dei som avtenar militærteneste blir taparar i forhold til dei som slepp. Den einaste måten å unngå dette på er å gjere militærtenesta attraktiv. Både økonomisk og tenestemessig. Det må bli slutt på å kalle inn vernepliktige som potetskrellarar og sentralboropperatører. Blir ein innkalla skal ein være soldat, ingenting anna.

Men det reiser igjen spørsmålet om avskaffing av verneplikta og innførsel av eit profesjonelt forsvar. Ei slik ordning er etter mitt syn ikkje å foretrekke. Yrkessoldatar vil måtte brukast i strid for at det skal vere relevant å halde seg med slike for eit land som Norge. Utan vernepliktige vil det bli umulig å oppretthalde dagens forsvarsstruktur, for eksempel Garden, då yrkessoldatar sannsynlegvis ikkje vil ha den store interessa for vakthold på slottet eller musikk og drill. Verva personell til utanlandsopperasjonar er dessutan å rekna for profesjonelle uansett.

Det norske forsvar må rette seg mot framtida. Forsvaret må komme seg gjennom omstillingsprosessen forsvarssjefen har lagt opp til, komme seg gjennom distriktspolitisk krangel og nostalgiske minner frå gamle dagar vedrørande plassering og bli eit forsvar tilpassa dei oppgavene vi faktisk treng eit forsvar til, nasjonalt og internasjonal. Forsvarssjefens forsvarstudie er eit steg i riktig retning.

TREN ETTER BEHOV</B>: Ein hær eller heimevern trena til geriljakrig mot invasjonstyrkar skulle det ikkje finnast behov for, skriver Bjønar Kristiansen.