Også Melgaard har etisk ansvar

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

kunst: God biletkunst er original, debattskapande og ofte provoserande. Kunstnarens arbeidsrom er, og bør vere, stort og variert. Mange vil meine at kunsten faktisk må utfordre for å forsvare sin plass i samfunnets kulturelle felt. Men fridomen kunstnaren har medfører også ansvar. At han eller ho kan gjere svært mykje innanfor sitt medium, inneber ikkje at ingen grenser finst. Bjarne Melgaard uttalte i Safari-programmet på NRK 14. april at han som kunstnar ikkje har etisk ansvar. Naturlegvis har han det. Estetikken har også ein etisk dimensjon, sjølv om denne dimensjonen ikkje alltid er like synleg eller like viktig å understreke. Dette gjeld for alle kunstartar, ikkje berre bildekunst. Ingen kunstnar lever i eit historisk og kulturelt vakuum der etiske spørsmål ikkje kan bli aktuelle og relevante.

La meg gi eit eksempel. Eg arbeider med ei bok med tittelen After Testimony (Etter vitnesbyrd), som drøfter ulike måtar å fortelje om Holocaust på. Ettersom tidsvitna om nazistanes konsentrasjons- og utryddingsleirar gradvis blir borte, tar fleire forteljingar om denne historiske hendinga (massemordet på seks millionar jødar og andre offergrupper under andre verdskrigen) fiktiv form. Litteraturen spelar ei avgjerande rolle her: Den har stort potensial til å minne oss om Holocaust og lære oss noko vesentleg både om denne ugjerninga og andre menneskeskapte tragediar. Poenget i denne samanhengen er at i slike litterære tekstar blir det etiske aspektet påtrengjande synleg. Eit illustrerande eksempel er den fransk-amerikanske forfattaren Jonathan Littells roman De velvillige, som har selt over ein million eksemplar i Frankrike og som kom på norsk i fjor. At Littell i denne boka gjer ein nazi-offiser til forteljar, synleggjer og tilspissar forholdet mellom dei estetiske og etiske sidene ved denne romanen.

At Melgaard vel å bruke fotografi av halvnakne smågutar frå blad for pedofile i bildekunsten sin, bidrar også til å synleggjere den etiske dimensjonen som han prøver å marginalisere. I De velvillige bearbeider Littell det etiske problemet som ligg i å la ein nazi-offiser fortelje ved å gjere denne forteljaren usympatisk og fråstøytande. Ei tilsvarande bearbeiding er vanskeleg å sjå i bilda til Melgaard, som tydelegvis ikkje har funne det nødvendig å undersøkje kven dei fotograferte gutane er eller korleis dei har hamna i bladet han henta fotografia frå. Faktum er at når vi snakkar om pedofili, som er konteksten og bakgrunnen for desse bilda, snakkar vi om utbytting og misbruk av barn. Vi har å gjere med handlingar som er krenkande overfor motivet – barna. Når Melgaard reproduserer dette motivet, vidarefører og forstørrar han krenkinga overfor barna, som ikkje kan beskytte seg. Melgaards kunstverk bidrar slik til ei normalisering av etisk fullstendig uforsvarlege og skadelege handlingar mot barn som ofte ikkje kan verne seg mot ein sterkare part. I Safari-programmet viste Melgaard til tilskodaren si sjølvstendige vurderingsevne. Men det held ikkje å overlate den etiske vurderinga av slike bilde berre til tilskodaren. For vi blir alle påverka av det vi ser – særleg om det, som i Melgaards tilfelle, er dyktig laga.