Om det å meine noko

Interessa for politikk har visst sunke. Partia slit med å fylle listene og folk er lei valkampen før han har begynt, er vi fortalt. Politikarane er upopulære, nærast ei utgruppe vi helst hadde klart oss utan. Det skal mot til å blande seg inn i samfunnsdebatten i eit slikt klima. Likevel snakkar folk om politikk, men helst ikkje offentleg. Korfor?

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Eg har lenge lurt på korfor eg og mange andre ikkje ønskjer å meine noko offentleg i dag. To sjølvsagde årsaker til at vi held oss tause, er at samfunnet har vorte så innfløkt og oppsplitta at vi føler vi ikkje har oversikt nok til å meine noko. Like viktig trur eg det er at vi manglar mot.

Ut frå eigne erfaringar vil eg setja opp nokre punkt eg meiner medverkar til å gjera folk avmektige og passive. Her gjer eg ein «feil», eg bruker mine eigne erfaringar, og så lenge eg ikkje har verv eller posisjon, er ikkje mine vurderingar og meiningar særleg interessante. Likeså burde eg ha dokumentert påstandane mine, vist til Habermas, undersøkingar, statistikk osv. Med vilje gjer eg ikkje det, statusen min som meinigmann får vera god nok.

1.Krav om dokumentasjon. Skal ein meine noko i dag, må ein belegge meiningane for at dei skal vera haldbare. Eitt problem er at mange byggjer oppfatningar på kjensler, og dei er det vanskeleg å dokumentere. Det å føle at noko er rett eller gale, er for lite vitskapleg til å bli teke seriøst. Eit anna problem er at få av oss har kapasitet til å setja oss inn i all verdas sakspapir og utgreiingar, følgje med i debattinnlegg og partiprogram - ja, ha oversikt. Om vi prøver, så manglar vi kanskje den mest aktuelle eller dekkjande informasjonen. Dermed blir våre meiningar lett tilbakeviste som lite gyldige, kanskje som kunnskapslause.

2.Krav om erfaring og nærheit. Ein skal minst ha ein fiskar i slekta for å meine noko offentleg om trålarar, og vi som ikkje bur oppunder fjellheimen, har ingen rett til å ytre oss om vern av vassdrag eller villdyr. Er det snakk om økonomi - som det ofte er - bør ein vera siviløkonom eller snakke som ein. Vi må ha inngåande kjennskap til eit emne for å ha meiningar som er verd noko.

3.Krav om habilitet. Merkeleg! På den eine sida bør vi ha innsikt i eit emne for å bli tekne alvorleg, på den andre sida kan slik innsikt gjera oss inhabile. Bur eg i Distrikts-Noreg og er for ein aktiv distriktspolitikk, er eg ute etter å mjøle mi eiga kake. Dermed er eg ikkje i stand til å sjå heilheita, og er ikkje habil. Dei mest habile i Noreg arbeider i det private næringslivet, har greie på økonomi, er for EU (motstandarane er inhabile pga. gruppeinteresser) og bur helst nær Oslo. Og over alt er innfødde meir habile enn innflyttarar.

4.Frykt for uthenging. Det er lett å avvise meiningar og hengje ut ein debattant ved å la det skine gjennom at ei oppfatning ikkje held mål. Det går t.d. an å be ein som ytrar seg om å «gå heim for å lesa leksene sine», ein får høre at «dette er for dumt til å bli teke alvorleg» eller at «debatten går føre seg i verkelegheita, ikkje i drømmeverda til NN». Grensene for kva syn ein kan målbera er alt sett, spelereglane likeså.

5.Mangel på språk. Kunnskap og språk er makt, og i det spesialiserte samfunnet vi har fått, finst det sjølvsagt eit eige språk for maktsfæra. Vi som ikkje er heilt fortrulege med økonomisk og politisk terminologi, har eit problem. Det hører til spelereglane å bruke det same språket som dei andre, meir erfarne debattantane. Dei som ikkje gjer det, får ver så god lære seg det for å bli hørt.

6.Konfliktdyrking. Skal ein meine noko offentleg, bør ein samstundes meine at eit anna syn er irrelevant, urealistisk, kunnskapslaust osv. Seier ein dette på ein slåande måte, er sjansane gode til å bli sitert. For ein uøvd debattdeltakar er det slåande ofte også sårande. Og i partipolitikken er det viktig å framheva eige parti på bekostning av det vi alle kunne ha visst - om det vart formidla tydelegare - at partia både kompromissar og samarbeider. Men når nokon «rasar» og «går sterkt ut mot» får ein ikkje inntrykk av noka samarbeidsånd. I det offentlege rommet blir politikk framstilt som ein ordkrig, der nokon har rett og vinn, andre tek feil og tapar. Berre den dumdristige melder seg friviljug til slik krigsteneste.

7.Meiningstvang. Det finst eit krav om at «meiner du a, så bør du meine b». Konsekvens kallar somme det, og det kjem ofte av eit behov for å plassere folk i båsar - eller at eit ønske om reindyrka prinsipp blir påtvunge oss mindre prinsippfaste. Det er ikkje rom for å vera undervegs, eller eksempelvis å vera for private barnehagar overalt, for private skular der det finst elevgrunnlag for det, og skeptisk der det ikkje er tilfelle. Slik fornuftsbasert «prinsippløyse» er vanskeleg å målbera i eit klima som krev noko anna.

8.Mangel på ideologi. Mange av oss har meiningar som ikkje passar inn i politiske ideologiar. Meiningane våre kan sprike så mye at det gjer vondt å presse dei inn i ei ideologisk overbygning. Og korfor skulle vi gjera det, forresten? Dermed unnlet vi å engasjere oss i eit parti som vi er einig i - lat oss seia to tredelar - av politikken til.

9.Fokusering på detaljar. Den talande detaljen i ein debatt, i statsbudsjettet eller i møtereferat kan skapa oppmerksamheit kring ei sak. Men like gjerne sit vi att med kunnskap om detaljen, ikkje om heilheita. Når folk med makt har hatt eit viktig møte, får vi ofte veta kva dei har ete, korleis dei var kledde, og kven som snakka saman. Men kva vart bestemt, og kva følgjer får det? Slik får vi mindre innsikt som vi kunne ha brukt i ein debatt.

10.Frykt for diagnosen «politikar». Politikarane må ha spisse olbogar, vera tjukkhuda, ha talegåver ut over det vanlege, rikeleg med tid og uvanleg god arbeidskapasitet. Må ein vera halvt overmenneskeleg og ha ein merkbar snev av maktsjuke for å ta del i politikken? Vi har dessutan sett småfrekk oppførsel frå politikarkollegaer og journalistar, og er velinformerte om dokumenthaugar og detaljstyring. Angst! Kva med dei mulegheitene politikken gjev til å prege samfunnet? Får politikarane gjort noko? Det veit vi mindre om, og det har også vorte så vanskeleg å spørja: Da må vi jo stikke hovudet fram...

11.Politikarforakta. Berre sjølvpinarar har hug til å bli forakta, og det trur eg få politikarar er. Opphavet til politikarforakta er nok å finne ein annan stad, kanskje hos dei som begynte å måle populariteten til politikarane? Og uavhengig av det botnar nok ein del av forakta i behov for å sjå verda i svart/kvitt, vi må ha skurkar og heltar - men ingen kan vera godt likt lenge. Anne Enger Lahnstein og Valgerd Svarstad Haugland har sanna det (snart er det vel Knut Vollebæk sin tur). Også på lokalplan har vi stempling av dei som vågar å meine noko. Da er det er betre å vera utan stempel.

Eg har ikkje komme med alt her. Eg har t.d. ikkje fortalt at eg var ungdomspolitikar på 1980-talet. Det hjelper lite i dag - det verkar skremmande å skulle ytre seg offentleg. Men vi mange tause har jo meiningar, vi drøftar politikk kvar dag, heime og på jobb. Nå har vi attpåtil vorte fortalt før valkampen er ordentleg i gang at vi ikkje er så opptekne av politikk og at valdeltakinga blir låg. Det stemmer ikkje, men kan bli sjølvbekreftande. Det er likevel ikkje for seint å gjera noko. Det går an å begynne med debattklimaet, gjera det snillare og meir sakleg. Ein kan ta folk meir på alvor, også dei utan verv, titlar og politisk retorikk, og utan å stille krav om dokumentasjon når det er tale om oppfatningar bygde på kjensler. Det går også an å unngå uvesentlege detaljar, fokuseringa på politisk spel og publikumsfrieri, og la sakene stå i sentrum. Til sist: Det går an å sjå på ein politisk debatt som ei meiningsutveksling, der ein ikkje presenterer fastlåste synspunkt, men mål ein kan arbeide seg fram mot. Var det dialog det heitte?