Om eventyr og prinsesser

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Nokre spørsmål til Dagbladet i samband med forside-oppslaget om Pål Bang-Hansen og påstanden om at Märtha Louise hadde stoli omsetjinger av H. C. Andersen-eventyr til den nye eventyrboka si:

1. Er det ikkje forlagets plikt å undersøkje om kven som sit på rettar m.m. når det gjeld ei utgjeving? I dei tilfella eg kjenner til, har det støtt vori forlaget som

tok kontakt, ikkje redaktøren av eit eller anna verk.

2. Ville du ha spandert forsideoppslag dersom det var andre enn Märtha Louise som var involvert?

3. I samband med at det har skjedd endringar i teksta: Er det heilt sikkert at det er Märtha Louises ansvar? Vi har noko som heiter konsulentar på forlaga, og eg veit at desse i mange tilfelle har mykje dei skal ha sagt - utan at dei står med ansvaret overfor publikum. Før ein tek på seg den store domarminen, burde ein kanskje undersøkt litt der?

4. Som kommentar til at ei bok har bilete av ML på forsida utan at ML har noko med innhaldet å gjera, og at boka difor har blitt stoppa, står det ein stad at dette "ville ikke skjedd andre enn kongelige". Er det sant? Dersom ein eller annan går på butikken og fotograferer ei pen jente og plasserer biletet på ei bok som ho ikkje har noko med å gjera - eventuelt ei pornobok - har ho da ikkje rett til å stoppe boka? Ville eit forlag ha rett til å gje ut ei bok som ikkje fortel noko om t.d. Trygve Bratteli og likevel bruke både namn og bilete av han på forsida?

Kanskje norsk lovverk ikkje har nokon regel her, eg hugsar for ein god del år sidan at nettopp Dagbladet skreiv sjokkert om korleis tyske massemedia kunne øydeleggje livet for folk med å laga opp soger om dei og servere det i blada. Det kjendest fjernt for oss da, og kanskje vi nettopp difor ikkje har lovverk som hindrar spekulantar i å bruke medmenneske på den måten. Men dersom slik regel vantar, bør vi straks få det. Korkje kongelege eller andre bør bli brukt til det som blir kalla "salgsfremmende øyemed" utan å godkjenne det.