«Onnorleideslandet»

Kva er det eigenleg som er så låkt med å vera onnorleides? Kvifor må ein på daud og liv vera så statisk lik alle andre?

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Annerledeslandet er eitt av dei lett svartmålande umgrìp som til dømes EU-tilhengjarar hev nytta mot Norìg, for å fremja sitt syn på Norìg, sossom det er idag.

Men er eigenleg Norìg svo mykì onnorleides, eller er det berre noko me ynskjer å tru

Hev me færre politiske skitkastarar her til lands, enn i andre land? Handsamar me menneske betre i dette landet, enn i andre land? Dersom du trur det, kann det vera tidi er inne til å gjera upp status – og endra meining.

Men kva er det eigenleg som er så låkt med å vera onnorleides? Kvifor må ein på daud og liv vera så statisk lik alle andre? Kvar er særpreget då?

Tenk um Norìg (og serleg norske politikarar) kunde ganga i fyrevegen – og visa at dei er viljuge til å vera gode fyredøme/rollemodellar for andre land?

Til dømes i spursmål um skattar og avgiftor?

Dei fleste av dei tidlegare austblokklandi, frå Baltikum i nord til Ukraina i syd, hev longe innførd flat og rettvis skatteprosent. Tenk um Norìg kunne gått fyre i vesten med eit sovore døme? Fjerna momsen, bensinavgiftene, eigedomsskatten, og bompengane – berre til å byrja med – gløymt skatten til reidarlagi – men innført flat skatt på 23 prosent med stort botnfrådrag (200 000 kronor) for alle – men samstundes inndrege alle serfrådrag.

Då kunde folk med rette kalla oss for «onnorleideslandet» - for då vilde me vore det – og det til beste for alle. Ola, Kari, Ali, Mouna, Boris, Larissa, Jack og Jill – og fleire med. Då havde Norìg vitterleg vorte eit godt land å lìva i – men viktigare enn det – eit rettferdig land å lìva i.

ANNERLEDESLANDET