Overordna råd for forskingspolitikk

Det bør opprettast eit overordna forskingspolitisk råd i Norge, med statsministeren som leiar.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Eitt av dei beste kapitla i Mjøs-utvalet si innstilling er kapitlet om «Forskningens plass i høgre utdanning». Vi ville ha eit skikkeleg kapittel om forsking i ei innstilling som i hovedsak omhandla høgre utdanning i Norge etter år 2000. For forsking og høgre utdanning heng nøye saman. Dette kapitlet er ei oppfølging av stortingsmeldinga om «Forskning ved et tidsskille» som regjeringa Bondevik I la fram i 1999. Dåverande statsråd Lilletun gjorde ein kjempejobb for å få fram denne viktige meldinga.

Nyleg er Norges forskningsråd blitt evaluert av ein internasjonal komité. Eitt av ankepunkta er at Norge manglar ein overordna forskingspolitikk. I oppfølginga av denne evalueringa vil eg på nytt fremja forslaget frå Mjøs-utvalet om å etablera eit overordna forskingspolitisk råd i Norge, leia av statsministeren, etter mønster frå Finland. I ein kronikk i Dagbladet for 12. januar i år støttar tidlegare rektor ved Universitetet i Oslo, Kaare Norum, dette framlegget. Han seier det slik: «Forskningspolitikken i Norge burde styres av et overordnet forskningspolitisk råd ledet av statsministeren, slik som i Finland. I dette rådet burde også fremragende forskere være representert, slik at det kan bli en direkte kontakt mellom de toneangivende i forskningssamfunnet og ledende politikere.»

Politikk

I Finland har dei eit slikt overordna, rådgjevande organ for forskingspolitikk. Rådet er oppretta på sida av departementsstrukturen. Det blir leia av statsministeren for å gje regjeringa og dei ulike departementa råd om prioriteringar og satsing på forsking. Rådet består elles av finansministeren, forskings- og utdanningsministeren, industriministeren, to andre medlemmer av regjeringa og ti uavhengige medlemmer med bakgrunn frå forsking og teknologiutvikling. Rådet har også eit eige sekretariat. På denne måten er utforming av strategiar for forsking forankra i den politiske leiarskapen, og dermed gitt politisk oppmerksomheit. Deltakinga av eksterne krefter gjev også organet stor politisk legitimitet. Mitt inntrykk er at dette overordna rådgjevande organet fungerer godt i Finland.

Medlemmer

Etter mitt syn bør regjeringa oppretta eit tilsvarande rådgjevande organ i Norge. Rådet bør ikkje vera for stort, til dømes 10- 15 medlemmer.

Statsministeren bør leia utvalet; utdannings- og forskingsministeren, finansministeren og næringsministeren bør i alle høve vera medlemmer, saman med toneangjevande forskarar i Norge innan forskingsinstitusjonane, høgre utdanning og frå dei forskingstunge delane av næringslivet. Dette vil sikra at utvalet får eit godt inngrep med norsk forsking. Brukarrepresentasjon bør også sikrast. Rådet bør møtast eit par gonger i året.

Tyngde

At statsministeren leier rådet, vil gje rådet større tyngde, og det vil bidra til at statsministeren og Statsministerens kontor blir meir bevisst forskingspolitiske problemstillingar. Statsministeren vil også få eit større eigarforhold til forskingspolitikken. Det er også grunn til å tru at statsministeren vil bli betre orientert om forskingspolitiske spørsmål, og at dette også kan koma til å påverka hans eller hennar haldningar på dette området. Regjeringa har allereie eit forskingspolitisk utval (RFU) som består av dei mest forskingstunge ministrane. Dette kan vera utgangspunktet for eit nytt rådgjevande organ der både statsministeren, forskingstunge ministrar og toneangjevande personar i forskingssamfunnet er medlemmer. Her kan dei SAMAN gje ei overordna budsjettramme for forsking før dei enkelte departementa lagar sine budsjett. Dette vil sikra ein nasjonal forskingspolitikk i staden for ein nasjonal salderingspolitikk for forsking som vi har i dag.