Politisk korrektleik vs. Å vera sann

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det er ei fråga som eg ofte sit att med – når eg høyrer eller les nyhende – og/eller kommentarar frå personar som meiner seg å ha greide på ting dei skriv eller uttaler seg um. For sjeldan høyrer eg politikarar eller mediekunnige personar uttala seg um noko av di det er sant. I staden snakkar dei som katten rundt den varme grauten, og tidt hoppar dei over bekken for å unngå å bita i det sure eplet.

Visseleg må det kunna slåast fast at sanningi til tider kan svi som riset på baken, eller for skuld saki gjera svo vondt at ein ikkì greider å sitja på nokre timar – men som alle veit er det eit forbigåande fenomen – og til sjuande og sist er dei fleste umsider takksame for at sanningi kom på bordet.

Det er aldri fårleg å vera sann. Det er aldri fårleg å tala sanning… med mindre ein gìv etter for tanken at sanningi er noko annanrangs. Fylgjene då, er eit samfunn som litt etter litt smuldrar upp og rasar saman i grunnvollane.

I staden for at politikarar og samfunnsleidarar skal få etterleva slagordet ”Det du ikkì veit, det hev ikkì me vondt av”, burde det vore eit spursmål um heider og æra – å alltid tala sanning.

Krev det av politikarane – til einkvar tid, så skal me nok snart for silt ut slauren.

Trass alt er det som George Orwell sagde det sovore at «Ev fridom i det heile tyder noko som helst, så må det vera retten til å fortelja folk det dei ikkì ynsker å høyra.»