Populisme mot eliten

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Populisme: «Man kan jo diskutere hva som er høyreside og venstreside her, men det er en uro som preger arbeiderklassen og vanlige mennesker i Europa nå,» seier Klassekampens redaktør Bjørgulv Braanen til Dagbladet i artikkelserien om kulturkamp (Dagbladet 6. Juli). Han seier skrekkscenariet er at arbeiderklassen «går til høyrepopulismen og at venstresida i skrekk allierer seg med de europeiske elitene».

Dei siste tiåra har populisme vore eit ynda skjellsord, men stadig fleire karakteriserer no Frp og liknande parti som høgrepopulistiske. Ein skulle derfor tru at for Braanen var motsatsen til «høgrepopulisme», ein form for «venstrepopulisme», men det ordet tek ikkje Klassekampens redaktør i sin munn. Og det har heller ingen annan gjort så langt i dagens debatt. Men det finst faktisk ein venstrepopulistisk eller folkeleg-radikal tradisjon i norsk politikk. Ettersom denne tradisjonen kryssar klasse- og partigrenser, har den hatt vanskar med å kome til orde.

For snart 40 år, inspirert av Ottar Brox sitt oppgjer med den statlege distriktspolitikken, nytta ei gruppe unge aktivistar ordet «populisme» for å markere ein ny politisk ståstad. Det dreidde seg om å politisere økologidebatten, og å vise at viktige politiske skiljeliner og alliansar går på tvers av dei etablerte partia. Og at alliansar som den grøne polen i den politiske trekanten (rød-blå-grøn) går inn i er av avgjerande betydning for maktforholda i samfunnet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Folk som deltok i dette miljøet kom frå mellompartia V, KrF, SP, frå SF, eller dei var partilause. 1970-talets (venstre) populisme hadde brodd mot kapitalkreftene og høgresosialdemokratiet, men også mot revolusjonsromantikken som prega ml-rørsla. Den venstrepopulistiske organiseringa fekk eit sterkt uttrykk gjennom Folkebevegelsen mot norsk EEC-medlemskap (1970-72) og bidrog til at ord som «lokalsamfunn», «grasrotpolitikk», «økologi», «motekspertise» og «rød-grøn allianse» etter kvart er blitt gjengs i norsk politikk.

For oss signaliserer populisme-ordet fortsatt ei kritisk haldning til elitedanning, og til styring ovanfrå og ned. Difor gjev vi ikkje slepp på det, men vektlegg at vår ståstad er venstresida i det politiske landskapet. Venstrepopulisme handlar primært om å skape bærekraftige politiske mekanismar for fordeling av materielle gode og naturressursar mellom klassar, regionar og generasjonar. Det er på høg tid at venstresida tar opp att arbeidet med å forankre politiske utfordringar og løysingar i folk sitt kvardagsliv, med ei oppvurdering av lokalsamfunnet og ei fornying av det lokale folkestyret.

Slik vi brukte populisme, vart omgrepet knytta både til politikkens innhald, kva vi definerte som viktige spørsmål, og til politikkens form, til kva vi meinte var fruktbare måtar å arbeide med politikk på. Ei oppfordring: I staden for å bruke populisme som eit allment skjellsord for det som «den politiske klassen» mislikar, ta heller utgangspunkt i at uttrykket høgrepopulisme er i ferd med å bli innarbeidd. Men dersom det gjev meining å snakke om høgrepopulisme, så skulle ein tru det og gav meining å snakke om venstrepopulisme. Om så er, kva skil i så fall venstrepopulisme frå høgrepopulisme? Og kor finn vi venstrepopulistiske perspektiv og folkeleg-radikale tradisjonar ut frå dagens debatt om politiske skiljeliner?