Rajics anmeldelse

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Her er noen utrag fra anmeldelsen i Dag og Tid.

-Eg er korkje vorten klok på krisa eller krigen av å lesa «Solsikkene på Balkan». Eg er derimot vorten klok på forfattaren. Det er nærast ei bok om Steinfeld av Steinfeld skriven i samband med krigen på Balkan. Slik oppsummerer Ljubisa Rajic sin anmeldelse av Hans-Wilhelm Steinfelds bok i ukeavisa Dag og Tid 2. desember.
-Men eg har lese verre bøker om det same emnet, legger han til.
Rajic sammenlikner Steinfelds Balkan-bok med andre verker om samme tema:
-Er boka til å lita på? Det fyrste som slo meg var at boka er eit typisk hastverk som skulle vera aktuell og koma ut føre jul. Er det hastverket eller skort på kunnskap som står bak, veit ikkje eg, men ho er full av faktiske feil, hevder Rajic, og ramser opp flere steder han mener Steinfeld har slurvet med faktiske opplysninger.
-Det kostar lite å retta slike feil - om ein verdsett lesarane sine, konkluderer han.
Rajic mener Steinfelds analyse er blitt byttet ut med «forteljing og overmål på store ord og utropsteikn».
Han fortsetter med å kritisere Steinfeld for mangelfull forståelse av sentrale temaer, for eksempel verdisynet i Øst-Europa.
Enda verre mener Rajic det er med Steinfelds holdninger:
-Han legg fram eit heller unyansert Nato-syn på hendingane i Aust-Europa og særleg på Balkan. Beundringa for Nato er nesten nasegrus...
Og Rajic mener Steinfeld tar altfor lett på NATOs krigsforbrytelser mot Jugoslavia. Det nevnes, men er ifølge Rajic innepakket i «liksom-kritikk».
-Med forklaringa si av kvifor det vart slege ein spikar i FN-kista (s. 141), er han inne på det som eg vil kalla ureieleg. For han har Makedonia heilt svikta plikta si mot flyktningane. Flyktningmottaket i Blace, sett opp av Makedonia allereie i 1992, lenkjar han saman med bilete frå holocaust. Og innsatsen til dei humanitære organisasjonane kallar han for skandaløs. Etter Steinfeld er det berre Nato som har gjort noko bra, eigentleg heilt fantastisk (sjå særleg side 145-6).
Rajic mener Steinfelds framstilling lider av alvorlige slagsider:
-Det finst ein individuell skurk - Milosevic - og det er ikkje til å nekte at han har rett i det. Det finst òg andre individuelle skurkar, men berre på austeuropeisk side. Heller ikkje det er vanskeleg å vera samd i. Men i Vesten, og særleg i Nato, er det berre heltar og prisverdige menneske. Det er det vanskeleg å vere samd i. Enda finare er Nato som humanitetens inkarnasjon, og USA, som ikkje har økonomiske, militære og politiske interesser. Det tviler eg på. Så kjem alle nordmenn som boka omtalar, og dei er meir framifrå enn nokon andre. Kan vera det òg. Men på toppen kjem Steinfeld.
Og anmeldelsen blir avsluttet slik:
-For ordens skuld må eg likevel avslutta med å seia at om han ikkje hadde vore så pompøs og lova så mykje, hadde òg vurderinga vore mildare. Men når ein stilar så høgt som Steinfeld gjer, får han tola å bli saumfaren med passande mål.