Raske svar

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

«Vi skal gjere det lettare å vere nynorskbrukar,» reklamerer Ivar Aasen-tunet. Og informasjonsansvarleg Torgeir Dimmen følgjer opp, når han no førebur heimesida på Internett: - Vi skal svare på alle relevante spørsmål i løpet av 48 timar!

Dimmen gir garantien i samarbeid med alle dei andre tilsette ved Aasen-tunet, og tek atterhald: Det må for det første handle om nynorsk språk og skriftkultur... og for det andre: - Det kan hende vi ikkje klarer å svare, men då skal vi vise vidare til rette vedkomande.

Møre-Nytt