Religion og politikk, let det seg skilje?

Går av som lokalpolitikar, vil være fri.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Kom over ein kommentar i ei nettavis sist veke om å ikkje blande religion og politikk, og det sette i gong cellene mine! Er ikkje religion/tru plattforma me byggjer livet vårt på? Er ikkje det medkjensle, respekt, toleranse og likeverd?

Viss det er slik, ja korleis kan me då ha skilje mellom religion og politikk? Kven er me når me snakkar utan å ha med verdigrunnlaget våre liv er bygd på? Eg undrar meg på kvar spontaniteten kan få rom viss me ikkje er oss sjølv heilt og fullt til ei kvar tid? Me er vel den me er uansett, sjølv om det er hatten som politikar me har på oss?

Gjer denne plattforma det vanskeleg for einskilde personar å stå bak eit partiprogram? Betyr det at me må svelge nokre kamelar, og gå på akkord med vår eigen identitet for å ha posisjon i samfunnet? Viss det er slik at det må vere eit skilje mellom religion og politikk, kva sit me då igjen med til slutt?

Eg ynskjer meg politikarar som vågar å være seg sjølv, som er heile og reflekterte menneske, og som vågar å ha eigne meinigar. For meg er det då tillit vert etablert, og ikkje når me seie ting me trur vert forventa skal bli sagt. Eller tek eg feil her?

PS. Går sjølv av som lokalpolitikar no fordi eg vil vera fri til å stå for det eg meiner er rett. DS