Sanksjoner virker

Ut or skoddeheimen i NUPI, UDs framste «premissleverandør», kom det eit underleg produkt på denne sida 4. april («Målrettede sanksjoner»). Her er Burma eksemplet på at sanksjonar ikkje vil ha nokon effekt. Problemet er at argumentasjonen er basert på kunnskapsløyse og dårleg forskarhandverk.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det er feil å hevde at «En gruppe stortingsmenn, anført av Kjell Magne Bondevik, har gjentatte ganger bedt regjeringen om å arbeide for en internasjonal handelsembargo mot Burma». Riktignok skreiv Bondevik, Sponheim, Lahnstein, Solheim, Folkvord og andre under ein appell til Jagland-regjeringa før valet i 1997: «Støtt Aung San Suu Kyis oppfordring. Boikott Burma nå» (20.6.1997). Høgres landsmøte 1988 vedtok boikott av Burma. Men så lenge sentrumsregjeringa sat med makta, vart ingenting gjort. Lars Rise sa det slik på eit burmaseminar i fjor haust: «Partiet mitt var med i regjeringa i dei siste 2 1/2 åra, og vi gjorde ikkje meire enn den noverande regjeringa.»

Tverrpolitisk

Det er nok tverrpolitisk vilje på Stortinget for å bruke sterkare lut mot militærregimet i Burma, skulle det trengjast. Vi må rydde i eige hus, og være klare til innsats om demokratirørsla ber om det.

Det er uryddig av NUPI å blande Irak og Burma. I Burma har demokratirørsla i årevis bede om sanksjonar som eit pressmiddel til å tvinge juntaen til dialog. Det er ikkje slik med Irak. I Burma vil sanksjonar treffe juntaen og hæren, som brukar alle investeringane og inntektene til eigne føremål - ikkje eit øre blir investert i helse og utdanning. Opposisjonen påstår at sanksjonar ikkje vil skade folket.

Å hevde at økonomiske sanksjonar vil styrke juntaer ved at det vil «samle befolkningen mot omverdenen» held ikkje stikk i Burma - regimet er forhatt, og folk er ikkje dummare enn at dei veit at all inntekt går i juntaen og narkobaronane sine lommar.

Omkvede

«Sanksjoner virker ikke» har vorte eit omkvede i norske politiske og forskarmiljø dei siste åra. Det vart gjort til skamme med FNs arbeidsorganisasjon ILO sitt historiske vedtak i fjor haust om å setje i verk tiltak mot regimet i Rangoon grunna systematisk bruk av tvangsarbeid. Aldri før i si 80-årige historie har ILO teke ei slik avgjerd, og sjokket i Rangoon skremte juntaen til å kontakte Suu. Press fra FN og EU gjorde også sitt. I slutten av oktober kom seks av toppane i juntaen heim til Suu, og fekk positiv respons. Propagandaen mot Suu fortsette utover hausten, men juntaen brukte tid på å overtyde dei regionale hærsjefane om at tillitskapande samtalar burde ta til. Og slik vart det. Samtalane er i gang, og det er forsiktig optimisme for første gong på ti år om at prosessen på sikt kan bringe fred og forsoning i Burma. Nobelprisvinnaren Amatya Sen hadde alt sagt at sanksjonar ville verke i Burma. ILO ga han rett.

Utan trusselen om sanksjonar i ILO-regi ville neppe dette ha skjedd. Politiske fangar er blitt sette fri, forholda i fengsla forbetra, og politiske parti kan igjen fungere i avgrensa omfang. Tvangsarbeid er ikkje avskaffa; mykje gjenstår. Men regimet var så overtydd om at sanksjonar ville komme at dei i januar gav ut ei «kvitbok» med ein detaljert strategi for korleis sanksjonar kunne bli omgått via Singapore og Malaysia. Her ser vi at berre trusselen om sanksjonar var effektiv.

Overflatisk

NUPI seier rett nok at «sanksjonsvirkemidlet må spisses til», men påstår at «de samme politikerne og menneskerettsaktivistene som kritiserer FN-sanksjoner mot Irak, også står i fremste rekke for å få innført tradisjonelle økonomiske sanksjoner mot Burma». NUPI-diagnosen «konsekvensblind {lsquo}rettskaffenhetsfeber'» er difor berre resultatet av overflatisk doktorarbeid.

Stortinget bør, etter SU Burma sitt syn, gjere seg klare til å innføre lovfesta «lure sanksjonar», skulle samtalane gå i stå, og opposisjonen be om det. Det kan skje alt til sommaren. I klartekst kan det bety i første omgang:

Handelsboikott av våpen-, olje- og gassutstyr og teknologi, treprodukt og tekstilprodukt. Norge bør innføre slik boikott på eiga hand, og ikkje gøyme seg bak FN, EU eller ASEAN. Som heidersmannen Knut Frydenlund sa det om boikott av Sør-Afrika:

«For ett land gir eksempel for andre land.»