Sjørøveriets politiske økonomi

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Historikaren Eric Hobsbawm har skrive den strålande vesle boka «Bandits» om edle røvarar, hemnarar, haidukar og revolusjonære ekspropriatørar. Han skildrar mange former for bandittvesen - frå individuelle opprørarar i føydale samfunn, via arbeidslause leigesoldatar til sosial-revolusjonære grupper som finansierte frihetskampen med røveri - gjerne mot utanlandske undertykkarar. Dei var ikkje simple tjuvar og kjeltringar; dei livnærte seg som røvarar av økonomisk nødvendighet eller for eit høgare mål.

Mange av Hobsbawm bandittar var, eller framstilte seg som, slektningar av Robin Hood. Dei var beundra av fattigfolk og hata av dei rike. Dei var omgitt av mytar og dei blei hylla i skillingsviser som dei gjerne dikta sjøl: Räuberromantik heiter sjangeren i tysk litteraturvitskap. Gjest Bårdsen går inn i tradisjonen saman med dei etteranmelde Bonnie & Clyde. I den andre enden av skalaen finn vi meksikanske Pancho Villa og Josef Stalin, bankrøvaren frå Tbilisi.

LANDEVEGSRØVARAR var dei, men bare villmenn og amatørar dreiv med hit-and-run, slakta ned offera og stakk av med det dei kunne eta eller bera. Dei som var fleire og betre organiserte, fann eit betre forretningskonsept i å ta gislar og kreva løysepengar. Med det som økonomisk grunnlag kunne dei væpna seg betre, bestikka eller halda myndighetspersonar unna og herska over eit territorium. Neste steg var rimeligvis å kreva avgift for å passera, eller selja beskyttelse for å la vera å røva dei som betalte.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Røveriet utvikla seg til ein etablert politisk økonomi med normer og reglar a la mafia. Dei organiserte røvarane var til å forhandla med, gjera avtalar med og stola på. For å halda orden og sikra næringsgrunnlaget, tok dei også på seg ansvar for å halda sporadiske og dårlig organiserte konkurrentar under kontroll. Enten ved å plukka opp dei beste og innlemma dei, eller ved å gje løyve til småentreprenørar mot andel i utbyttet.

KAPTEIN SORTE-BILL var den maritime fettaren. Han er ein fiksjonsfigur, men med forelegg som var verkelige nok på fleire av dei sju hav. Når han heiste alle kluter, kunne han borde alle skuter, og ingen slapp unna. Han røva i øst og han røva i vest, til skuta var stappende full av saltmat og søtmat og penger og gull. Og etterpå var det sjørøvarfest: Å hei fadderi fadderullan dei, å hei fadderi fadderullan dei.

Det var ein annan moral som rådde der vest for Moskador enn i Hakkebakkeskogen og Kardemomme by, men begge delar var Thorbjørn Egners verk. Sjørøvarane var vel for så vidt forbrytarske, men tapre og frie menn på dei sju hav. Seinare har Kaptein Sabeltann kome til som barnekulturell pengemaskin i Kjuttaviga. Frå Hollywood førte Johnny Depp som pirat i Karibia sjørøveriet med eit brak inn i populærkulturen, og der har det halde hus til det dukka opp av og til i Sør-Kina-havet og som ein barsk virkelighet utanfor Somalia. The Pirates are back.

HAVENES FRIHET er ei historisk ny oppfinning. Sjørøveriet er mye eldre. Det var ein kalkulert risiko å segla i ukjent farvatn der piratane regjerte. Sjørøveri var ein geskjeft for dristige entreprenørar og lykkejegarar i pre-statlig tid.

Organiserte statar sikra seg inntekter av skipstrafikken på upopulære, men forutseielige og kontrollerte måtar, med toll og avgifter og andre slags bompengar. Det er på eit vis noe av det same som sjørøveri, men med andre middel, og med eit organisert samfunn med maktmidlar som vilkår.

ØRESUNDTOLLEN utgjorde på 1500-talet to tredelar av dei danske statsinntektene. Den blei kravd opp av alle fartøy som passerte Helsingør, og det var mange, for skipstrafikken til og frå Sverige, Russland og heile Østersjøen måtte gjennom Øresund. Rundt 1800 betalte rundt 10.000 skip årlig Øresundtoll.

Svenske skip var fritatt; det var ikkje for ingenting at Sverige hadde ført erobringskrigar mot Danmark-Norge i hundre år. Det var ikkje Jämtland og Härjedalen og Båhuslen som var viktige, men landskapa på austsida av Øresund. Då Sverige tok Skåne i 1658, mista eit svekka Danmark den totale kontrollen over sundet. Den sterke sjømakta Nederland tvang fram ein kraftig reduksjon av tollen, men den varte i 200 år til - til USA (!) nekta å betala. Etter ein konferanse i København i 1857 blei Øresundtollen avskaffa, men Danmark fekk ei eingongserstatning i hundremillionars klassen.

I TERJE VIGENS TID blei store sørlandske formuer og praktfulle skipperhus i lune viker bygd opp med inntekter frå sjørøveri. Rett nok heitte det ikkje sjørøveri, men kaperfart, og det var både fullt lovlig og samfunnsgagnlig verksemd under Napoleonskrigen då Danmark-Norge i krig med England.

Etter kongelig reglementet av 14/9 1807 kunne private få utstedt kaperbrev som ga dei lov til å kapra engelske og svenske handelsskip. Når kapteinen og eigarane hadde fått godkjenning frå domstolen for at det var "god prise", var skipet og lasten deira.

Engelskmennene slo tilbake med krigsskip og blokkerte korntilførselen frå Danmark; det var derfor Terje Vigen måtte legga ut på rotur.

Kapring som ordinær krigføring til sjøs blei forbode ved ein konferanse i Paris i 1856. det var ein del av ei ny oppfinning: foleretten. Men på Sørlandet heldt dei tradisjonen ved like i det skjulte også i fredlige tider. Med falske fyrlykter og seglingsmerke blei det ein heil del vrak å plyndra.

NORSKE HANDELSSKIP segla i mange år etter 1814 under dansk flagg med ei lita norsk løve i hjørnet. Deretter førte dei svensk flagg med danske fargar i hjørnet på «fjernere Farvande» sør for Kapp Finisterre. Grunnen var at dei såkalla røvarstatane i Nord-Afrika kravde store avgifter for å sikra skip mot sjørøvarar. Danmark og Sverige hadde forsikringsavtale, så ved å føra deira flagg, hadde norske skip fritt leide. Men det hende likevel at skip blei kapra av ukontrollerte sjørøvarar. Då kunne mannskapet bli selde som slavar dersom det ikkje blei betalt løysepengar.

Den nasjonale unntakstilstanden i flaggsaka varte til 1838. Då blei det reine, norske flagget «frigitt» på alle hav. Det blei feira som ein stor nasjonal triumf, men den reelle grunnen var at «røvarstatane» ikkje lenger var røvarstatar. Dei var erobra av Frankrike som etablerte statsmakt på land og hav.

UTANFOR SOMALIA gjentar historia seg. Der er det ingen stat - ikkje eingong røvarstatar. Det er ikkje til å undrast over av sjørøveriet tar seg opp som næringsveg i eit samfunn der sentralmakta ikkje har juridisk og militær kontroll, der den organiserte økonomien kollapsar, der det er krig og håpløyse.

Dei somaliske entreprenørane er ikkje klassiske sjørøvarar. Dei er ikkje ute etter lasta, etter gods og gull. Dei kan raska med seg mat og utstyr og bli lokale velgjerarar og heltar, men dei har ikkje infrastruktur til å handtera containerar eller olje og gass. Dei kaprar for løysepengar, og då dei vera profesjonelt organiserte. Reiarlaga må ha noen å forhandla med i eit nettverk av somaliske mellommenn og engelske advokatfirma, og då stig prisen.

Så langt har ingen sjøfolk mista livet, men noen kaprarar. Når krigen blir trappa opp med kanonbåtar, er våpenkappløpet i gang. Då må kaprarane bruka meir av løysepengane på å skaffa seg betre båtar og kraftigare våpen. Når faren for å mislykkast og bli tatt aukar, stig taksten på løysepengar noen hakk til; det er normal risikoøkonomi.

Mens vi ventar på somalisk statsbygging, og det vil ta tid: Hadde det ikkje vore betre med mafiose beskyttelseavgifter, med skattlegging av skipstrafikken, med ein bompengering utanfor kysten? Men det er jo problemet: Utan statsmakt, ingen å gjera binande avtalar med, og ingen til å fordela godene.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.