Skyttargravskrigen

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Kjell Bjørndalen vil inn i Euroland snarast råd. Når det er fri flyt av direktiv og kapital og den økonomiske politikken blir avgjort i Bankfurt, blir nasjonale solidaritetsalternativ for smått. Når arbeidskjøparane samordnar seg i det grenselause Europa, må arbeidsseljarane gjera det same. Bjørndalen liker dårlig å stå på gangen når dei jerntunge forbunda i Euroland samsnakkar om sine vilkår og har samråd med Kommisjonen.

Det er forståelig. Fleire enn Kjell Bjørndalen kjenner ubehaget. Norge er økonomisk medlem av EU, men eit vedheng utan politisk innflytelse. Ja-sida og dei ivrigaste på nei-sida er samde om at EØS er ei husmannskontrakt. Dersom vi vil vera med - og det vil vi åpenbart - så må vi bare henga på.

Kjell Bjørndalen sende ut ein prøveballong, og Yngve Hågensen klatra om bord som ballast. Han vil ha ein ny runde om unionsmedlemskap når dei austeuropeiske landa har forhandla ferdig. Samtidig gav Hågensen ein smekk til nei-folket som går i skyttargravane kvar gong spørsmålet om Norges forhold til EU kjem opp. Det fekk han ros for i Arbeiderbladet, der redaktøren jamnlig manar til omkamp.

Eg veit ikkje om det arme nei-folket skjemmest over klagene om at dei gøymer seg i skyttargravene. Sjølsagt må dei forskansa seg der og minnast gamle sigrar. Kvar skulle dei elles vera i sin defensive og rådlause forsvarskamp? Trua på å bryta gjennom systemtvangen og erobra nytt land - annleisland - er like falma som løfta frå Voksenkollen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Egentlig er det ja-folket som fører skyttargravskrig, offensiv skyttargravskrig, slik den er kjent frå slagmarkene i den første verdenskrigen. Nå i opptakten til den tredje EU-krigen klyv ja-folket med jamne mellomrom opp av sine graver og gjer små utfall der fienden sine forsvarsverk for tida er svakast. Stormangrepet får venta til motstanden bryt saman moralsk og vennene i Euroland kan visa til suksess.

Kjell Magne Bondevik har halde sin andre nyttårstale. Blir det fleire - med veterinæravtale, Schengen og euro på merittlista - kan regjeringslysta gro vidare mens EU-motstanden døyr. Så lenge Europabevegelsen og Gro Balas klarer å halda tann for tunge, kan dei casha inn gevinst på nei-regjeringas valne manøvrar.

Det er renta denne gongen. Ho er meir enn dobbelt så høg i Norge som i EUs kjerneland. Ettersom vi er eit folk av lånarar og ikkje av spararar, er det av det vonde for dei fleste. Til gjengjeld er arbeidsløysa tre gonger så høg og yrkesaktiviteten mye lågare i EU enn i Norge. Der blir fleire støytte ut, her blir fleire trekte inn i arbeidslivet. Ettersom vi er eit folk av arbeidsmoralistar, er det av det vonde for dei fleste.

Verken renta eller arbeidsløysa er fristilt frå politiske prioriteringar. Den som vil argumentera med renta, må også ta høgde for arbeidsløysa. Og omvendt.

Det er ikkje nye og ukjende faktorar i bildet. Som før er det give-and-take. Det er ikkje spørsmål om utenkt virkelighet, men om anskuelsesundervisning. Det fleirtalet ja-sida aldri har klart å skapa med eiga pedagogisk evne, skal veksa fram av seg sjøl når det bortskjemde og velfødde folket merkar konsekvensen av sin eigen dumskap.

Kjell Bjørndalen vil inn i EU. Det er ikkje noe nytt. Det nye er at han i sin iver har anbefalt ein ny prosedyre for å få det til. Han vil ha folkerøysting om å starta forhandlingar om medlemskap, men at Stortinget skal avgjera saka når resultatet er klart.

Bjørndalen har skapt forvirring med forslaget. For ein gongs skuld har opptil fleire kommentert ut frå ein slags ryggmargsrefleks utan å tenka gjennom alle dei taktiske sidene av saka. Nei-dronninga og Dagbladet vil ha ei folkerøysting etter, mens Bondevik og Stein Ørnhøi vil ha to - både før og etter. Lisbeth Holand i nei-rørsla trur det er noe lureri, mens den utkropne og tilbakelente Hallvard Bakke synest forslaget er utmerket fordi Bjørndalen har gjort opp rekning utan vert: Det er mye meir sannsynlig at det blir 50,1 prosent ja ved neste folkerøysting, enn at det blir tre fjerdedels fleirtal i Stortinget for å avgje suverenitet.

Dei må gjerne halda folkerøystingar både før, under og etter for min del. Slike arrangement har vist seg å vera livgivande for den politiske debatten i dette landet. Mange set foten ned og står på den. Og dei kjem nok igjen. Dei er her allerede. Godt nyttår. Med ecu.