Smal karriereveg

Seminar i Unge Venstre kan føra til så mangt for dei som hoppar av i tide.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

SLEKTSGRANSKING er nyttig for å forstå Arbeiderpartiet. De unge slekter vaks opp i Framfylkingen og AUF. Der fekk dei politisk skulering og blei slusa inn i Partiet som byr på tillitsverv og levebrød for mange. Generasjon etter generasjon har skikka seg vel, lagt bort ungdommelig opposisjon, vore tilpasningsdyktige og ført familitradisjonen vidare.

Mange leiande kadrar i Unge Høgre har gått same veg, men fleire har meldt overgang til det private næringslivet. Ein nyare trend i alle parti er at ungdomspolitikarar hoppar av etter få år og bruker si politiske erfaring på feitare gressgangar i det flytande grenselandet mellom forvaltning, interesseorganisasjonar og konsulenteri. Artsbetegnelsen er politisk broilar.

UNGE VENSTRE har vore erfaringsscene for mang ein fordomsfri ungdom som var radikal på dagen, sosial på kvelden og liberal på natta. Men det har åpenbart vore passande og nødvendig for dei fleste å hoppa av i tide. Det var ein stad å starta; ikkje ein stad å bli verande og veksa inn i partiet. Odd Einar Dørum, som var NUV-leiar 1970-72, er den siste som har halde ut og gjort karriere i partiet.

Ein grunn kan sjølsagt vera at den politiske avstanden mellom moderparti og ungdomsorganisasjon som oftast var så stor at dei knapt orka å vera i same rom. For eit medlem av Unge Venstre var dessutan lojalitet å betrakta som det motsette av å vera liberal.

Ein annan grunn er åpenbart at Venstre i mange tiår har vore så lite og stusselig at det ikkje hadde verv og politiske bein å lokka med. Det endra seg då partiet kom i regjering og fekk statssekretærar og denslags. Fleire av dei har fått gode, offentlige stillingar etterpå. Men elles verkar det som om aktivitet i Unge Venstre har vore ein slags journalistskule: Dei er å finna i alle landets redaksjonar - i VG’s politiske avdeling, men ikkje lenger i Dagbladets.

FOR LESARAR av denne avisa har jubileumsboka ei forvitnelig historisk fotnote. I partipressas tid var Dagbladet og Unge Venstre var to sider av same politiske sak. Unge Venstre var ein del av Dagbla-Venstre, og Dagbladet finansierte Unge Venstre både direkte og indirekte. Den legendariske kulturredaktøren Simen Skjønsberg hadde vore formann i Unge Venstre, og alle som skreiv om politikk i Dagbladet hadde sin ballast derifrå. Det irriterte fribyttaren Nils Werenskjold som formulerte den ultimate notis på «Bysida»: "Det vil i kveld bli arrangert et vellykket medlemsmøte i Oslo Venstre".

I LOMMEBOKA si ber Lars Sponheim på eit sitat er det heiter: "Venstremannen er liberal, men han er aldri heilt sikker på kva det er å vera liberal. Han tviler seg fram til eit standpunkt, men like ofte tviler han seg bort frå eller rundt standpunkta".

I så måte er 100-åringen ein typisk Venstremann. Unge Venstre var for EEC, mot EF og er nå EU-foriske. Dei har som regel lege langt og grønt til venstre for mellompartiet, men står for tida på den liberalistiske høgresida. Det har vore lite likevekt med ustø kurs og brå vendingar - ikkje som utslag av verhane-politikk, men av overtyding og trong til sterke meiningar. Slik må det vel vera når ein skal vera ungdommelig skråsikker, men liberal i tillegg.