Støstads tenestepensjon

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Når statssekretær Jan Eik Støstad i Dagbladet 19.6 kritiserer Cathrine Sandnes for å spreie mistydingar om offentleg tenestepensjon, skulle ein forvente at han sjølv held seg til fakta. Det gjer han ikkje.

For det første: Støstad hevdar at regjeringa sin påslagsmodell ville gitt høgare pensjon enn vidareføringa av dagens bruttomodell. Dette er ikkje rett for det store fleirtalet av offentleg tilsette. Sjølv inntekter på 280.000 kroner, til dømes ei 80 % stilling, vil stort sett kome betre ut med vidareføringa av bruttomodellen. Berre dei med ekstra lange karrierar, og dei som jobbar omlag halvtid heile yrkeslivet ville kome betre ut.

For det andre: 70 % av dei tilsette i offentleg sektor har høgare utdanning. Det avgrensar grunnlaget for lang opptening i folketrygda og tenestepensjonsordninga. Regjeringa sin modell la lite eller ingen vekt på dette, og ville påføre store grupper kraftige pensjonstap.

For det tredje: Også innanfor ein bruttomodell kunne ein syte for betre ordningar for låglønte i små deltidsstillingar. Regjeringa ville ikkje, så lenge dei ikkje fekk det på sin måte.

For det fjerde: Offentleg tilsette vil framleis kunne trappe ned etter 62 år ved å ta ut delvis AFP og arbeide deltid ved sida av. Regjeringa reklamerer med å kunne ta ut full pensjon ved 62 år og så halde fram å arbeide fullt ut ved sida av. Forstå det den som kan.