Svar sakleg!

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Som så mange andre venstreekstremistar og sinnelagsetikarar korkje vil eller evnar Marte Michelet å forstå dei enklaste tal. Ho skuldar meg (Dagbladet 4. juni) for å insinuera at innvandringa frå Nord-Afrika og Midtausten kan føra til at velferdsstaten bryt saman. Ho kallar det «antydningens kunst».

Nei, eg insinuerer ikkje, eg seier det rett ut. Frich-senteret på Blindern har sett på tala, som mellom anna er ein del av grunnlagsmaterialet til det offentlege uføreutvalet (NOU 2007:4): Uføreutvalet skriv: «Innvandrere fra Nord-Afrika og Midtøsten skiller seg ut med en meget høy sannsynlighet. Mens nordmenn har en uføresannsynlighet på om lag 12 prosent, anslås uføresannsynligheten for disse gruppene til å være henholdsvis 35 og 27 prosentpoeng høyere, alt annet likt.» Alt anna likt tyder at dei har justert tala for alder, utdanning, klasse og type arbeid. Dei konkrete uføretala Frich-senteret fann for menn i aldersgruppa 55 til 59, var desse: Dei med pakistansk bakgrunn låg på 45 prosent, dei med tyrkisk på 55 prosent, dei med marokkansk på 67 prosent. Dei frå Sri Lanka, derimot, hadde ein uføreprosent på 9,5, og endå lysare er det om vi ser på dei med kinesisk bakgrunn, prosenten der var 7,8. Dei to siste tala er altså lægre enn for gjennomsnittsfolkesetnaden. På side 388 i Fordelingsutvalets rapport (NOU 2009:10) er det ein figur over arbeidsdeltakinga til innvandrarar frå den tredje verda. Den syner at vi er det landet i Europa som har størst sysselsettingsgap mellom majoritetsfolkesetnaden og innvandrarar. Bryt ein ned tala, finn ein at hovudårsaken til dette ligg i den låge arbeidsdeltakinga til dei frå Nord-Afrika og Midtausten.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer