Sykkeltyv på Sunnmøre

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

En svært dramatisk historie har kommet oss i hende, og vi bringer i sin helhet dekningen fra Vikebladet , avisa for Ulstein og Hareid:

«Ein kar var på fest i Ulsteinvik torsdag kveld. I etterkant fortel personen at han ikkje kan hugse så mykje av det som skjedde. Men dagen derpå, altså fredag i førre veke, vakna han på Bigset i Hareid, og ved sida av han låg ein sykkel. Vedkomande trur sjølv at han har stole denne sykkelen i Ulsteinvik eller på veg til Bigset natt til fredag. Men han anar ikkje korleis han har kome seg til Bigset, så det er også mogleg at sykkelen vart stolen der. Dette er ein vaksensykkel av merket Merida - ein kvit, svart og raud herresykkel. Om du saknar han, kan du ta kontakt med lensmannskontoret. Personen har tatt vare på han, og han vil gjerne sørgje for at sykkelen kjem til rette, fortel lensmannsbetjent Nancy Bergseth.»