Tankevekkande frå USA

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

-Norge burde tjene mer på pengene sine (oljefondet), segjer professor i internasjonale studier ved Cornell University, Peter J. Katzenstein, i USA. Det er spennande tankar.

Han reagerar nemleg på at Norìg [d.e. den norske staten] hev plasserad pengarne sine svo dårleg at oljefondet hev havt dårleg avkastning. Ifylgje ein artikkel som Katzenstein viser til i Financial Times hev det norske oljefondet havt ei snittavkastning på 6,5 prosent sidan 1997, men at det burde vore minst det doble – til det trìdoble.

Han meiner stjornaren for fondet vilde vorte hengd på Wall Street – med svo låke resultat.

Og so segjer han, forvitneleg nok:

- Stater er sjelden særlig gode til å følge markedsutviklingen. Oljefondet har vært trege i forhold til å finne ut hvordan de skal håndtere sin store portefølje.

Det er me samde i. For det er nemleg ikkì statens uppgåva å tena pengar. Det er i strid med den liberalistiske tanken. Staten skal (som sagt til det keidsame, fyrr) einast hava trì uppgåvor:

1. Tryggja folk mot indre fiendar (politiet)

2. Tryggja folk mot ytre fiendar (forsvaret)

3. Syta for infrastruktur.

Alt anna skal vera privatisert. Det er til det beste for samfundet, for staten – og for enkeltmennesket. Det handlar nemleg um fridom, respekt og menneskeverd.