Tid for tale

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Når kong Carl Gustav av Sverige, kong Harald av Noreg og dronning Margrethe av Danmark kjem til mikrofonen mot slutten av 1999, tek dei farvel med det monarkiske millenniet og samlar nasjonane i møte med det som det neste skal bringe for konge og fedreland. I folkekongedømmet er oppslutninga sjølve kronsymbolet.

I tider med aukande samfunnsmessig fragmentering er framtida kanskje meir usikker enn nokon gang. Mykje tyder på at det nettopp er samfunnssplittinga som gjev monarken og monarkiet ei rolle og ein funksjon i det moderne. Dei kongelege overgangsrituala støttar ein slik hypotese.

Ved årsslutt held alle dei tre skandinaviske monarkane ein tale til nasjonen. Monarken oppsummerer fortida og året som gjekk, og gjev nasjonale visjonar om framtida. På terskelen mellom fortid og framtid samlar han nasjonen. Talane er ei artikulering av det som til kvar tid gjeld for legitime fellesverdiar. Det nasjonale overgangsritualet vigslar den nasjonale fellesskapen ved å artikulere ein nasjonal konsensus.

Men kvifor står monarken fram som nasjonal talsmann? Dei kongelege krønikene går tilbake til oligarkiske samfunn skandinavar av i dag liker å distansere sitt egalitære verdsbilete frå. Likevel viser surveyundersøkingar (Diaforsk 1998) og ratingtal at nordmenn, danskar og svenskar lyttar til dei kongelege talane. For å få ei forståing av dette kollektive lyttarmønsteret, må vi gå bakover i historia til då monarkiet møtte den demokratiske utfordringa. Her finn vi talerituala sin opphavskontekst.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den danske nyttårstalen har røter tilbake i hoffet si nyttårsfeiring i 1880-åra, og utvikla seg stegvis, i takt med samfunnsutviklinga generelt og medierevolusjonane spesielt, frå dette elitære skåltalepreget til å verte ein nasjonal folketale. Okkupasjonstalane representerte ei viktig endring. Då fekk talane preg av å vere nasjonale samlingstalar, men fyrst i 1958 tok kong Frederik IX steget frå selskapslokalet til det kongelege arbeidsrommet med talen.

Den norske talen har, naturleg nok, ei kortare historie enn den danske, men den fyrste direkte radio-overførte skandinaviske nyttårstalen var norsk og vart helden av kronprins Olav i 1934. Den norske talen var frå starten av ein folketale. Han var heller ikkje så tett knytt til sjølve kongeposisjonen. Talane var eit kongeleg «familieføretak» til kronprins og seinare kong Olav i einsam majestet aksla oppgåva frå 1950. Då hadde han mange tiår som nyttårstalar framfor seg. Han heldt sin siste nyttårstale i 1989. Sjølv om taletradisjonen oppstod i kong Haakon si regentstid, var det kronprins og seinare kong Olav som personifiserte og etablerte det norske nyttårstaleritualet.

Okkupasjonstida er viktig for å forstå symboleffekten nyttårstalane har hatt og har i Danmark og Noreg. Frå eksiltilveret sende den norske kongefamilien årvisst sine jule- og nyttårshelsingar til det okkuperte norske folket. Dei tre fyrs-te okkupasjonsåra heldt kong Christian X av Danmark nyttårstale over radio. Seinare vart han hindra. Tradisjonsbrotet, sjølv etter berre tre år, må ha fått ein symbolfunksjon: Monarken vart hindra i å tale til nasjonen. Den norske kongefamilien sitt eksiltilvere må ha hatt ein liknande effekt. Dei nasjonale overgangsrituala fekk særleg verdi i krigssituasjonen: Kven er vi, kvar går vi og kva vil vi? Monarkane stilte seg på den definert rette sida og rissa opp framtidsvisjonen om ein frigjort nasjon. Talen og monarken vart symbol på nasjonalsinn og motstandsånd.

Under okkupasjonen fekk den norske og den danske nyttårstalen preg av å vere den talen nordmenn og danskar av i dag kjenner. Talerituala oppstod i ei nasjonalt samlande krisetid. Det langt nyare svenske taleritualet manglar liknande assosiasjonar. Den svenske talen oppstod derimot i ei monarkisk krisetid. Etter tronskiftet i 1973 etablerte kong Carl Gustav radiotalen som tradisjon. Grunnlovsrevisjonen stod for døra, og spørsmålet om monarki eller republikk vart seriøst diskutert. Monarkiet stod i fare for å verte avskaffa av dei folkevalde og måtte reposisjonere seg i demokratiet. Fyrst då var det tid for tale i Sverige. Brotet mellom den personlege kongemakta og folkekongedømmet vart synleggjort. Det svenske kongetaleritualet framstår difor som meir konstruert enn i nabolanda.

Dei tre taletradisjonane oppstod altså i ulike tider. Opphavskonteksten gjev viktig informasjon om taleritualet spesielt og til ei viss grad om det nasjonale kongedømmet si tilpassing til moderne parlamentariske spelereglar generelt.

Etermediene er premiss for den samlande folketalen. Radiomediet si samtidigheit gav talen eit nytt samlingspotensiale: Nasjonen samla seg rundt radio- og TV-apparatet. Når det var tid for tale, stod monarken i nasjonalt fokus. Samtidig og likeeins vende nasjonen seg mot monarken. Sjølv i vår mediepluralistiske samtid er dei kongelege jule- og nyttårstalane svært populære program. Monarken sin tale samlar bokstavleg talt nasjonen.

Men kva er det nasjonen samlar seg om? Monarkar i parlamentariske styresett er avhengige av folket. Som nasjonalsymbol må dei samle, ikkje splitte. Difor kan det nasjonale overgangsritualet lesast som uttrykk for det moderne folkekongedømmet sitt maktgrunnlag: Den nasjonale konsensus.

Monarkane sine ytringar vert tidvis omtalt heller som nonsens enn konsens. Det har vorte påpeikt at den parlamentariske monarken, med sitt stramme handlingsrom, berre kan uttale seg om sjølvfølgjer som då vert tolka som uviktige. Men kva er det som er sjølvsagt? I vår pluralistiske samtid er det stadig meir som splittar og skaper skiljeliner. Vi har stadig færre samlande fora att. Men alle grupper treng stadige stadfestingar av gruppegrenser og gruppekonsolidering, det gjeld nasjonalstaten så vel som andre politiske system. Monarken har funne ein nasjonal nisje i den moderne nasjonalstaten; han skal samle det splitta.

Dei tre talerituala har eit fellestrekk som eksemplifiserer samlingsintensjonen. Dei tidlege danske og norske talane retta seg mot og var adresserte til landsmenn i utlandet. Den norske kongefamilien talte om korleis nordmenn ute utvida nasjonen. I danske talar vart både færøyingar, grønlendingar og danskætta tyskarar inkluderte i monarken sitt nasjonale famntak. Fokuset på landsmenn ute har vart ved, og den svenske taletradisjonen har hatt same fokus frå 1970-åra. Eksillandsmennene vart katalysatoren for den monarkiske nasjonsdefineringa.

Eksilet står sentralt. Slik kan talane sjåast som ei kongeleg spegling av modernismen, som har prega vårt hundreår så sterkt. I talane artikulerer monarken samlande idear i samfunn som ikkje lenger vert oppfatta som integrerte eller homogene. Eksillandsmennene si katalysatorrolle i talerituala viser dette. Det var erkjenninga av dei ute som framkalla ei kongeleg artikulering av den heimlege fellesskapen - nasjonen.

Når ein søkjer å halde saman det splitta, vert splittinga i seg sjølv samlande. Den kongelege tematiseringa av innvandringstematikken dei siste tiåra kan forståast i vidareføringa av tankegangen. Her har monarkane rg søkt å samle det splitta. Men inkluderinga av innvandrarane og eksillandsmennene har motsett grunngjeving. Landsmenn ute vart og vert inkluderte på grunn av ein kulturfellesskap. Innvandrarar vert inkluderte trass i kulturskiljene. Dei fyrste talane viser at monarken fremja eit meir tradisjonalistisk nasjonssyn, som i våre dagar er erstatta av ei erkjenning og ei kongeleg omfamning av den fleirkulturelle nasjonen. No står integrasjon i eit fleirkulturelt samfunn i søkjelyset.

Nye utfordringar vert tekne opp og søkt heila i det nasjonale overgangsritualet. Denne inkluderande tendensen gjev håp om at nye utfordringar rg kan løysast innan nasjonalstatlege grenser. Faren for monarkiet sin del er at splittingane vert for store til at dei kan byggjast bru over. Monarken kan aldri vere den einaste samlingsfaktoren, han må byggje på ein folkeleg konsensus. Sjølv om monarken skal samle, kan kongen eller dronninga aldri halde talen som alt heilar. Men framleis er det tid for tale.