Til barnas beste

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

BARNEHAGE: Dagbladet har dei siste dagane hatt to innlegg som kritiserer stortingsmeldinga om kvalitet i barnehagane. Regjeringa blir skulda for å ville innføre testar og kartlegging der barn risikerer å bli stempla som taparar allereie før dei har hatt den første skuledagen sin (kommentator Marie Simonsen 15/6), og vidare at ikkje alle barn lenger skal få del i eit inkluderande fellesskap (høgskulelektor Knut Kvaran 11/6). Begge påstandane er gale, og eg kan forsikre at eg ikkje på nokon måte ønskjer meg ein «skolsk» barnehage.

Tvert imot vil eg ta vare på og vidareføre den gode norske barnehagetradisjonen som blir sett positivt på internasjonalt, og som foreldra i Noreg seier seg godt nøgde med. I barnehagen skal det vere liv og latter, leik og moro. Barna skal oppleve trygg omsorg av kompetente vaksne. Barn med spesielle vanskar og behov skal på ein god måte bli lagde merke til. Kvalitetsutvikling i barnehagesektoren framover skal handle om å ta vare på alt det positive, samtidig som vi styrkjer det pedagogiske arbeidet. For barnehagen kan medverke til at barn opplever overgangen til skule som trygg. Barnehagen skal være ein stad der evnene til å lære og lysta som barn har til det, står sentralt. Vi må ta på alvor at barnehagen både kan og må være med å gi grunnlaget for meistring i skulen. I dag ser vi at bruken av spesialundervisning aukar oppover i klassestega. Dét er ikkje et godt teikn. Forsking viser at tidleg innsats har mykje å seie for at barn skal lukkast i skulen, og at det som går føre seg i barnehagane, er ein viktig føresetnad for seinare meistring. Eg meiner vi pliktar å følgje opp denne kunnskapen.

Kvaran har i sin kronikk om «Skolebarnehagen»fanga opp mange viktige sider ved stortingsmeldinga om kvalitet i barnehagen som nyleg vart lagd fram. Men han kjem også med nokre misvisande påstandar om barnehagepolitikken til regjeringa. Eit forslag er at alle barnehagar skal gi tilbod om språkkartlegging av treåringar. Kvaran spør om forslaget samsvarar med målet om at alle barn aktivt skal få vere med i eit inkluderande fellesskap. Eg meiner svaret er ja. Rett og slett fordi språk er så viktig i kommunikasjonen mellom jamaldringar. Å forstå og å bli forstått er ein nøkkel i leik og læring. Eit anna forslag er å innføre krav om å overføre skriftleg dokumentasjon om interesser, leik, læring og utvikling for kvart barn frå barnehagen til skulen. Dokumentasjonen kan til dømes vere ein perm eller ei skattekiste med bilete frå barnehagen, forteljingar om kva barna har opplevd, kva dei likar å halde på med med meir.

Kritikarane blandar korta når dei koplar saman forslaget om overføring av informasjon frå barnehage til skule og forslaget om språkkartlegging i barnehagen. Dette er to ulike tiltak. Påstanden om at det skal innførast nasjonal kartlegging av alle «skulestartarar» er direkte feil. Det er fleire som har uroa seg over iveren etter å kartleggje barn for å plassere dei på ein utviklingsstige eller talfeste kva dei kan og ikkje kan. Eg er ein av dei. Vi har i det siste sett døme på uheldig praksis. Småbarn skal ikkje utsetjast for vurderingar som kan gi dei ei kjensle av å ikkje vere gode nok. Småbarn skal møtast med tillit til at dei kan og vil lære. Derfor varslar meldinga at all tvil om dette spørsmålet skal ryddast bort. Det er behov for både klargjering av regelverket og for utvikling av gode, pålitelege og etisk forsvarlege metodar.