Ungdommeleg magemål

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Eg har vanlegvis sans for ungdomeleg kritikk mot etablerte autoritetar. Likevel reagerer eg på form og innhald i Aslak Nore sitt innlegg i Dagbladet onsdag 13. mai. Han har ungdommeleg magemål, som ein «spring chicken», og hissar seg opp mot professoral fåkunne. Kraftsatsen kjem slik: «... bruker han [Thomas Hyland Eriksen] stadig USA som eksempel, et land han åpenbart kjenner overfladisk». «Den satt», tenkte nok Aslak Nore. Og dokumentasjonen på at han veit meir om USA, fekk vi høyra på TV for eit par dagar sidan. Etter minnet formulerte Aslak Nore seg om lag slik: «Fordi jeg bor i USA». Vidare kritiserer han kriminologien (døme på «lattervekkande og utdatert» opposisjonsvitskap?) for ikkje å kunna forklara «hvorfor stefedre dreper barna sine oftere enn biologiske fedre». Han overser at det ofte finns fleire forklaringar på statistikk. Danske forskarar har til dømes funne positiv korrelasjon mellom talet på barnefødslar og talet på storkar i Danmark. Tolkinga av slike funn illustrerer kor vanskeleg det er å trekka vitskapelege konklusjonar. Siste stikk mot professoren: «Korrekt tallmateriale fra professoren er en god begynnelse». Ein vetug kommentar til Aslak Nore frå gamlelektoren min på Sauda gymnas syner evne til å innrømma feil: Han sa: «Selv solen har flekker». Utlagd vert sitatet å forstå slik: Hald deg [Aslak Nore] for god til å tru at professorar er ufeilbarlege, og ver heller litt raus med talfeil som gamle akademikarar gjer. Hvis ikkje, står du sjølv lagleg til for hogg. Sann mine ord. Aslak Nore ber oss «gå bak klisjeene» i forskinga. Når ein les innlegget hans grundig fleire gonger, får ein bevis på at han verkeleg står «lagleg til for hogg». Dersom eg blei tvinga til å velja kven av dei to kamphanane som har skrive mest meiningsfylt og forståeleg om den norske integrasjonsdebatten i dei seinare åra, blei nok svaret mitt: Professoren. Vi er mange i dette landet som deltek i integrasjonsdebatten. Det tener ikkje saka når debattnivået vert som 13. mai. Redaksjonen i Dagbladet må ta sin del av ansvaret. Artiklar og debattar er meir interessante og saklege (les meir forståeleg) i mange lokal – og regionaviser her til lands. Der tek redaktørane redaktøransvaret. Les heller ei slik avis – og bli vis.