Universitetet i samfunnet

Mjøs-utvalget konstaterer at det er behov for reformer og omstilling innan høgre utdanning i Norge. Det betyr ikkje at vi kastar vrak på det gode vi har, men at vi satsar på det beste av det vi har, samstundes som vi går inn for fornying og endringar i pakt med samfunnets behov. Mjøs-utvalget satsar på kvalitet i forsking, kvalitet i undervisning/læring, kvalitet i formidling av kunnskap og kvalitet i samhandling med samfunnet for øvrig.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Innstillinga er sterkt studentorientert. Derfor kunne den like gjerne ha blitt kalla «Studenten i sentrum». Å skapa eit godt og heilskapleg læringsmiljø er noko av det viktigaste med heile innstillinga. Det har vore tre studentrepresentantar med i utvalet. Dei har gjort ein fabelaktig innsats. Dei har hatt student-referansegrupper på dei største lærestadene under utvalgsarbeidet. Dei høyrer til fleirtalet i alle saker, og i fleire viktige saker har studentane fått alle eller fleirtalet med seg på sine framlegg. «Det er studentenes reform,» seier tidlegare leiar i Norsk Studentunion, Sigrun Aasland.

Mjøs-utvalgets innstilling heiter som kjent «Frihet med ansvar». Utvalget går inn for: studenten i sentrum, institusjonen i sentrum, samfunnet i sentrum og mennesket i sentrum. Utvalget går inn for meir fridom, meir ansvar og meir sjølvstende til dei enkelte institusjonane. Heile utvalget er einig i desse formuleringane. Men utvalget er delt i eit fleirtal på elleve og eit mindretal på seks når det gjeld kva tilknytningsform institusjonane bør ha til staten i framtida. Eit fleirtal vil at universiteta/høgskolane skal bli eigne rettssubjekt gjennom å bli særlovsselskap, medan mindretalet meiner at institusjonane bør vera forvaltningsorgan med utvida fullmakter. Det betyr at fleirtalet vil frigjera universiteta/høgskolane frå å vera delar av statsadministrasjonen. - Det er heilt naudsynt å redusera myndigheitenes detaljstyring av institusjonane. Staten skal styra utdanningspolitikken i stort, ikkje i smått.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eksternt

Heile Mjøs-utvalget går inn for eksternt fleirtal i dei nye styra for universiteta/høgskolane. Det betyr at Mjøs-utvalget tek samfunnet på alvor. Vi går inn for at kompetente, kyndige, kreative, samfunnsbevisste personar utanom institusjonen skal ha fleirtal i styret for universiteta/høgskolane. Nokre høgskolar har allereie ei slik ordning, og den fungerer godt. Og det gjev god drahjelp for institusjonen. Styret skal ha det overordna ansvar for institusjonen. Men samstundes meiner eit fleirtal i utvalget at det også skal vera eit fagleg/vitskapleg kollegium ved kvar institusjon. Det faglege kollegium skal ha eit særskilt ansvar for faglege/akademiske spørsmål ved institusjonen.

Dårleg

Mange sentralstyrte tiltak frå myndigheitene/departementet fungerer dårleg. Derfor må universiteta/høgskolane sjølve, i samarbeid med arbeidsliv/næringsliv/forskningsinstitusjonar ta fatt på dei regionale og nasjonale utfordringane. Derfor må departementet og institusjonane i større grad få til avtalar, gjerne over fleire år, for å sikra finansieringa av regionale/nasjonale tiltak.

Det gleder meg at Mjøs-utvalget si innstilling har sett fart på utdanningsdebatten. Høgre utdanning og forsking må i fokus for at myndigheitene skal byggja ut Kunnskaps-Norge. Mitt inntrykk er at ei rekke framståande norske politikarar vil satsa meir på utdanning og forsking i åra som kjem. Dei ser at høgre utdanning og forsking er livsnerven i Framtids-Norge. Mi utfordring til universiteta/høgskolane er å visa endringsvilje, visa at dei tenkjer og handlar strategisk, at dei organiserer og prioriterer sine oppgåver på ein optimal måte. Universiteta/høgskolane må demonstrera vilje og evne til omstilling i pakt med samfunnets behov/krav. DEI MÅ VERA DEI FREMSTE SAMFUNNSINSTITUSJONANE I LANDET.

Ressursar

Med ei slik utvikling reknar eg med at Regjeringa og Stortinget vil svara med meir ressursar til utdanning og forsking i framtida. Som eit ledd i verdiskapinga i landet. Som eit ledd i ein framtidsretta nasjonal utdannings- og forskingspolitikk.