Useriøst av Sponheim

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Lars Sponheim hevdar i Dagbladet 14. juli at Halvorsens «fattigdommen kan fjernes med et pennestrøk» frå valkampen i 2005 er det verste han har opplevd som politikar. Han burde vite at SV i 2005 fekk 8,8 prosent. Partiet kunne ikkje diktere Soria Moria-erklæringa. Verken på varm skulemat eller satsane for sosialhjelp. Det handlar ikkje om løftebrot, men om manglande gjennomslag for eigne prioriteringar.

Det er korrekt at fattigdomen på kort sikt kan fjernast med «et pennestrøk». Det er berre å gi nok pengar til dei det gjeld. Problemet som blant anna Ap ser med dette, er faren for at enkelte kan ende opp med høgare inntekt som stønadsmottakar enn som fulltidsarbeidande. Det vil undergrave samfunnet. Nyansane i SV og Ap sitt syn på dette burde Sponheim ha fått med seg etter 16 år i rikspolitikken. Slik han nok har fått med seg at SV og Ap saman har levert ei heilt anna fattigdomssatsing enn høgresideregjeringa han sjølv sat i, og no vil ha tilbake.

Når Sponheim i same intervju hevdar at regjeringa har hatt 258 mrd. kr i «økte muligheter» samanlikna med Bondevik-regjeringa, er det ein «frekkis» av dimensjonar. Venstre har stort sett halde seg til same pengebruk som regjeringa. Rammene for denne har ikkje vore styrt av skatteinntekter frå den økonomiske boomen som Noreg og verda opplevde fram til finanskrisa, men av tilgangen på kompetent arbeidskraft. Sponheim sit i finanskomitéen og kan alt dette. Men det er kanskje ikkje så nøye når valkampen er i gang?