Utdanning for fred

Mjøs-utvalet har med eit avsnitt om behovet for fredsrelaterte studier. Norge har tradisjonar på dette området.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I oktober 1998 arrangerte UNESCO ein verdskonferanse i Paris om høgre utdanning. Bl.a. som leiar av Mjøs-utvalet, som har vurdert høgre utdanning og forsking i Norge etter år 2000, var eg med i delegasjonen frå Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet (KUF) til denne konferansen.

På konferansen var det ein temadebatt om: «What can the universities do to create a culture of peace in the country/region?» Ein svart universitetsrektor frå Afrika sa: Trass i at det er krig i tredjeparten av dei afrikanske landa til eikvar tid, gjer dei afrikanske universiteta fint lite når det gjeld å skapa ein fredskultur i Afrika. Få afrikanske universitet har fredsrelaterte utdanningar i sine studietilbod, sa universitetsrektoren. Det var ille, tenkte eg. Men så slo det meg at situasjonen er minst like ille ved norske universitet og høgskolar når det gjeld utdanningstilbod innan freds- og fredsrelaterte emne. Dette måtte vi gjera noko med! Vi beslutta i første omgang å arrangera ein konferanse der vi utfordra norske universitet og høgskolar til å etablera/utvikla fredsutdanningar.

Konferanse

Frå 4. til 6. mai 2000 arrangerte derfor Universitetet i Tromsø, Høgskolen i Tromsø og den norske UNESCO-kommisjonen ein internasjonal fredsutdanningskonferanse i Tromsø, med over 500 deltakarar. Konferansen utfordra alle universiteta og høgskolane i landet til å utvikla studietilbod innan fredsstudier, menneskerettsspørsmål og konfliktløysing. Interessa for konferansen var overveldande, og konferansen blei ein suksess. Fleire universitet og høgskolar i Norge har allereie teke utfordringa og arbeider med å etablere og utvikle ulike typer av fredsstudier på sine respektive lærestader. I tillegg må freds- og menneskerettsspørsmål bli viktige innslag i flest mogeleg fagplanar ved universitet og høgskolar i landet, uansett fagområde.

Fredskultur

Mjøs-utvalet understrekar sterkt betydninga av at universiteta og høgskolane i landet etablerer fredsutdanningar: «UNESCOs satsing på fredskultur har blitt fulgt opp av Universitetet i Tromsø gjennom deres initiativ til en konferanse i mai 2000 om den høgre utdanningens betydning for fred. Konferansen bør følges opp av et prosjekt med formål å styrke samt etablere utdanninger innenfor freds- og konfliktstudier ved norske universiteteter og høgskoler. Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet bør ta ansvar for å få dekket kostnadene ved et slikt prosjekt, og gjennom dette bidra til etablering av slike utdanninger ved universitetene og høgskolene.» Universitetet i Tromsø er svært interessert i å ta på seg ansvaret for å koordinera ei nasjonal satsing på fredsarbeid og fredskultur innan universiteta/høgskolane i landet.

Fredspris

Mjøs-utvalet understrekar til slutt:

«Utdelingen av Nobels fredspris har gjennom ett århundre bidratt til å profilere norsk innsats for fred i en internasjonal sammenheng. Gjennom forskning ved forskningsinstitutter og universiteter er det gitt verdifulle bidrag til forståelse av konflikter og muligheter for ikke-voldelige løsninger og nedrustning. En satsing på høgre utdanning innenfor fredsrelaterte emner vil være viktig for å forsterke den innsatsen som allerede gjøres i Norge for forståelse av konflikter og løsninger av dem uten bruk av vold.»

KUF arbeider med ei stortingsmelding om Mjøs-utvalet si innstilling. Innstillinga skal behandlast i Stortinget ved slutten av vårsesjonen 2001. Eg vonar at KUF, regjeringa og Stortinget fylgjer opp innstillinga frå Mjøs-utvalet om satsing på freds- og fredsrelaterte utdanningar ved høgskolane og universiteta våre. Slike studier bør integrerast i den nye gradsstrukturen. Dei må vera tilgjengelege både for norske og utanlandske studentar.

Samarbeid

Frå 1. januar 2001 er Norge som kjent medlem i Sikkerheitsrådet. I denne samanheng vil fredsbygging og fokus på Afrika vera viktige nasjonale prioriteringar for den norske regjeringa. Det eksisterer allereie eit viktig og nært universitets- og høgskolesamarbeid mellom afrikanske og norske universitet. Dette samarbeidet bør byggjast ut til også å gjelda etablering og utvikling av freds- og fredsrelaterte utdanningar ved afrikanske universitet.