Utvid kulturmomsen

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Kultur: Er treskjering kultur? Nyleg gjekk underskriftkampanjen «Dyrt nok! Nei til kulturmoms» på internett. Finansdepartementet har føreslått åtte prosent moms over heile «kulturområdet» i utgreiinga «Kulturmomsutvalget», som no er til behandling i departementa. Kampanjen «Dyrt nok» gjekk imot åtte prosent moms på konsertar og festivalar (scenekunst), og fekk faktisk gjennomslag.

Allereie 25. juni meldte Trond Giske at det ikkje blir moms på scenekunst.

Eg som skriv dette, driv eige firma som treskjerar, men greier ikkje leve av det. Når eg lagar ein spegel til kr 10 000,-, må eg leggje på 25 prosent moms, og prisen blir 12 500,-.

Etter momslova er brukskunst ikkje å rekne som kunst, og får ikkje gå momsfritt, som kunst. I tillegg kjem det no fem prosent kunstavgift, så prisen på speglen blir kr 13 000,-. For to år sidan blei det innførd kunstavgift på brukskunst.

Midt i juni sto eg bak ei underskriftkampanje for åtte prosent «kulturmoms» på tradisjons- og kunsthandverk. Det omfattar ei mengd gamle handverksteknikkar som er viktige for å vedlikehalde og restaurere verneverdige bygningar. Det omfattar tradisjonelle handverk som har så få utøvarar at dei er i fare for å bli gløymde, som gjørtlar og buntmakar, og det omfattar meir kreative handverk, som glasblåsing og keramikk, der produktet er brukskunst.

Dersom tradisjons- og kunsthandverk er kultur, kjære kulturminister Giske, sei til Kristin Halvorsen at ho må ta dei med i «kulturmomsen». Eg bed ikkje om meir.