Våpenkvile i politiet

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Dagbladet har måndag 6. april ein leiar med overskrifta «Våpenhvile i politiet». Avisa har treft godt både med overskrifta og innhaldet i leiaren.

Men Dagbladet meinar at Politiets Fellesforbund, i motsetnad til kva me sjølve har påstått, får forhandla om arbeidstid og at me også får kompensasjon for at politiet som gruppe er unntatt frå kviletidsreglane i arbeidsmiljølova. Den forhandlingsretten Dagbladet snakkar om, er ein særs avgrensa forhandlingsrett.

Det har vore eit prinsipp i norsk arbeidsliv at arbeidstakarorganisasjonane forhandlar med arbeidsgjevar om arbeidstid. Når arbeidsgjevar i staden fastset arbeidstida i forskrift og lar forhandlingane berre dreie seg om kva for kompensasjon arbeidstakarane skal få, er dette brot på prinsippet. Eit slikt brot har me protestert kraftig mot. Både LO, Unio, YS og Akademikarane har støtta oss.