- Vi må kunne forvente økt ytringsfrihet etter OL

No er tida inne til å samlast om OL. For kva har Kina og verda å tene på at OL ikkje blir vellykka?

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Kinaveteranane Torbjørn Færøvik og Kjetil Krane har vore på banen i Dagbladet med sine synspunkt på situasjonen i Kina. Magne Godberg gir i ein lesarkommentar Krane på pukkelen for det han kallar hans forsvar for tyranniet.

Mitt utgangspunkt for å gå inn i denne debatten er at eg i likskap med Færøvik og Krane har hatt Kina som hovudarbeidsområde over lengre tid. I 1979 gjekk eg igang med grunnkurs i kinesisk på Blindern. Sidan den gongen har eg budd i Kina i nestan 10 år, fordelt på fire periodar. Eg snakkar mandarinkinesisk og bur idag i Shanghai og prøver å oppdatere meg på det som skjer her.

Fakkelstafetten

Det har vore neglebitande spennande å følgje med på dekninga av uroa rundt den olympiske fakkelstafetten i vestlege media. Før stafetten starta var eg ottefull for for at kinesiske styresmakter kom til å misbruke den til propaganda for seg sjølve. Men slik gjekk det altså ikkje. Det vi derimot fekk var et overveldande flott flomlys på interne kinesiske forhold. Det var eg glad for og letta over. Kven vil snakke om boikott etter dette, tenkte eg. Her har fakkelstafetten gitt ei eksponering av kinesiske samfunnstilhøve som ingen boikott ville klart.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men gleda gjekk raskt over i bekymring. Eg vart oppsøkt av ein kinesisk venn som var tydeleg opprørt. CIA står bak uroa rundt fakkelstafetten, meinte han. Kva? sa eg. Det kan du vel ikkje meine. Jau, sa han. Men dei kjem ikkje til å lykkast. Eg følgjer med på kinesiske nettdebattar, og dei aller fleste ser heldigvis ut til å slutte opp om regjeringa vår i denne saka. Kva seier seier du? sa eg. Blir dette åpent debattert i kinesiske nettaviser? Sjølvsagt, svara han. Ytringsfridommen på nettet er aukande. Ordvekslingane er saftige, og skjellsorda haglar. Navngitte autoritetspersonar får så hatten passar. (Etter litt diskusjon fram og tilbake innrømmer min venn at graden av talefridom i nettdebattane nok er avhengig av kva slags tema som er oppe til debatt.)

Og eg som hadde vona at demonstrasjonane rundt fakkelstafetten skulle føre noko godt med seg. Istaden kjem min kinesiske venn trekkjande med CIA-spøkelset. Korleis skal dette gå? Men idag ser eg igjen litt lysare på situasjonen. Eg har komme over nokre debattinnlegg frå kinesiske nettdebattantar som oppmodar til sinnsro og til å prøve å ta vestens kritikk på ein konstruktiv måte. Eg fattar nytt håp. Men det er truleg litt i tidlegaste laget til å trekkje endelege konklusjonar om kva som blir slutteffekten av fakkelstafetten.

Færøvik meiner at Kina burde ha innført demokrati for lenge sidan, og at mangelen på demokrati og ytringsfridom fører landet på ville vegar. Krane på si side meiner at i lys av Kinas turbulente historie, samt det faktum at Kina er heilt utan demokratiske tradisjonar, kan ein ikkje forvente at utviklinga skal gå så raskt. Det er viktig å fokusere på det positive som er oppnådd. Kina må få meir tid på seg, ifølgje Krane. Godberg meiner at når Taiwan greier å gjennomføre demokratiske valg, er det inga orsaking for at Folkerepublikken ikkje gjer det same.

Tilbakeblikk

GLEDER SEG TIL OL: - Eg ønskjer meg eit vellykka Beijing-OL. Det synest eg kinesarane fortener, ikkje minst etter turbulensen rundt fakkelstafetten, skriver sinolog Inge Hoem fra Shanghai. Foto: AFP/Scanpix
GLEDER SEG TIL OL: - Eg ønskjer meg eit vellykka Beijing-OL. Det synest eg kinesarane fortener, ikkje minst etter turbulensen rundt fakkelstafetten, skriver sinolog Inge Hoem fra Shanghai. Foto: AFP/Scanpix Vis mer

Eg minnest ein solskinnsdag i Beijing hausten 1980. Eg sykla over den himmelske freds plass på veg mot Beijing Hotel for å kjøpe film til kameraet og kanskje ta ein øl. Ved sida av vegen stod ein kjempemessig propagandaplakat med store kvite skriftteikn på raud botn: «Vi skal bygge sosialismen og omforme moderlandet til ei idustriell stormakt innan år 2000!» Sedvanleg svada, tenkte eg. Etter nokre månader i Beijing var eg allereie immun mot vidløftige slagord.

Men eg tok feil. Endringane kom raskt. Først i Sovjetunionen, med Gorbatsjov. I Kina kom etterkvart ein smilande og dresskledd statsminister Zhao Ziyang inn på scenen. Men i kulissene stod den mektige Deng Xiaoping. Han var allereie ein gammal mann med dårleg tid og utan interesse for tidkrevjande demokratiske reformer. Sommaren 1989 vart draumen om demokrati knust på den himmelske freds plass.

Da eg seinare arbeidde i Beijing på nittitalet, var eg og fleire med meg imponert over dei mange unge og dyktige kinesarane vi møtte i ulike delar av det kinesiske samfunnet.

Mange av dei framsto som svært kunnskapsrike og overraskande godt orientert om vestlege forhold. Sannsynlegvis eit resultat av eit konkurranseprega utdanningssystem, meinte vi. Kanskje dei på sikt kunne utgjere ein fruktbar grobotn for vestlege fridomsideal.

Ein skarpskodd generasjon som over tid måtte forventast å gjere inntog i sentrale maktposisjonar, og derved bidra til ytterlegare reformer. På denne tida låg Russland nede for teljing (ein omstillingsprosess mange russarar idag ser på som ei økonomisk katastrofe og gjerne kallar det største bankranet i verdshistoria), noko som mange kinesarar gjerne brukte som argument mot ein tilsvarende kinesisk reformprosess. Eit slikt resonnement var vanskeleg å tilbakevise.

Færøvik kan etter mitt skjønn vanskeleg kritiserast for å meine at Kina er overmodent for demokratiske reformer. I det synet har han truleg med seg et overveldande fleirtal av Norges befolkning. Krane har på si side rett i at det skjer mye positivt i Kina. Når det gjeld Godberg, er det utan tvil korrekt at Kinas regjering ikke kjem til å gi frå seg sitt maktmonopol med det første. Men det er litt uklart for meg kva Godberg meiner kan gjerast med det. Økonomiske sanksjonar?

«Vi vet at alle styreformer som er overordna folket før eller siden vil miste grepet.» Nettopp. Sovjetunionen gjekk i oppløysing, og no skjer det ting som kanskje tyder på at det er håp for Cuba også.

Kanskje Kranes ide om å ta tida til hjelp kan ha noko for seg likevel? Godberg ser det som forstemmande at borgarar av frie samfunn ved å applaudere oppnådde resultat i Kina i praksis gir si støtte til eit udemokratisk regime.

Men for å snu på flisa: Blir situasjonen bedre av å underkjenne slike framsteg? Og kan ein eigentleg vere sikker på at at Kina ville greie ein raskare overgang til demokrati minst like bra som Russland? Sjansen er etter mi meining like stor for at utfallet ville bli kaos og katastrofe. I så fall er det i første rekkje det kinesiske folket som måtte betale prisen. Men sjokkbølgjene ville truleg forplante seg til resten av verda.

Det ligg føre signal som tyder på at sterke krefter i det kinesiske systemet ønskjer ei utvikling i demokratisk retning. (Kilde: John L. Thornton: The Prospects for Democracy in China.) Sentrale medlemmer av regjeringsapparatet hevdar at Kina vil stake ut sin eigen veg mot demokrati. Kanskje kan det kinesiske håpet om full integrasjon med Hong Kong og Taiwan i seg sjølv gi motivasjon til fleire reformer på litt sikt.

Håp for OL

Eg ønskjer meg eit vellykka Beijing-OL. Det synest eg kinesarane fortener, ikkje minst etter turbulensen rundt fakkelstafetten. Dei trodde det var en god ide å sende den olympiske fakkelen på verdensturne, og var sjølvsagt ikkje førebudde på å få så mykje peppar for det.

Men slik eg ser det har fakkelstafetten trass alt gitt ein slags balanse i propagandaregnskapet, og det er bra. No er tida inne til å samlast om OL. For kva har Kina og verda å tene på at OL ikkje blir vellykka? Etter min meining ingen verdens ting.

Etter OL må vi kunne forvente ein auka framgang for ytringsfridommen her. Eksempelvis har vi det siste året har vi vore vitne til svarte skjermar på BBC World og CNN ved innannonsering av kritiske reportasjeinnslag om Kina. Forhåpentleg berre eit utslag av dårlege kinesiske OL-nervar.

Det er på høg tid at personen som er sett til å trekkje ut pluggen blir tildelt nye og meir meiningsfylte arbeidsoppgaver.