Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Nyheter

Mer
Min side Logg ut

Vi tener på kvotering

Av to kandidatar med tilnærma like kvalifikasjonar skal innvandraren veljes.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Vi tilfører ny kompetanse ved å kvotere. Kvotering vrakar ikkje dei beste kandidatane slik kritikarane trur. Feilslutninga er at det berre er formelle kriterium som tel ved tilsetjingar. På alle arbeidsplassar er det ulike formelle kriterium for utveljing av jobbsøkjarar, men tilsetjingar skjer alltid med eit innslag av skjønn.

Når to kandidatar har tilnærma like kvalifikasjonar, må arbeidersgivaren velje ein av dei. I slike tilfelle skal innvandrarar som søkjer å gå føre.

Sjølvsagt finst det ei rekkje eksempel på ikkje-vestlege innvandrarar med stor suksess i arbeidslivet. Men slike historier forandrar ikkje statistikken. Fakta viser at arbeidsløysa blant innvandrarar er tre gonger høgare enn resten av folkesetnaden. Mazyar Keshvari (Frp) sin påstand i Dagbladet 11. januar om at arbeidsmarknaden fungerer heilt fint fordi det finst solskinshistorier, fell dermed på si eiga meiningsløyse. Politikk vert heldigvis ikkje styrt av eksempel.

Innvandrarar har tøffare vilkår på arbeidsmarknaden. Det er fakta. Vi må gjere noko for å motverke dette. Mange arbeidsgivarar har ein del førestellingar om at det er utfordringar knytte til å tilsetje ein innvandrar. Somme er redde for dårlege språkkunnskapar, mens andre synest det er vanskeleg å tilsetje ein med ein litt annan kulturell ballast. Kanskje er ein del redde for at visse tema vert for sensitive å diskutere i lunsjen. Underliggjande førestellingar om «dei andre» vert ein barriere for kompetente innvandrarar.

Uvissa knytt til ny arbeidskraft er eit hinder for eit dynamisk og inkluderande samfunn. Bevisst eller ubevisst skepsis til kvinneleg kompetanse har hindra kvinner i arbeidslivet. Kvotering er eit middel for å bøte på dette, som har vore nytta og som seinast no vert nytta for å få kvinner inn i styrerommet. På same måte testar vi no ut å kvotere innvandrarar.

Kriteria for kven som vert omfatta av forsøksordninga, er kort fortalt ikkje-vestlege innvandrarar eller barn av desse (andre generasjon). Nye austeuropeiske EU-medlemsland vert rekna som vestlege i denne samanheng.

Eit fleirkulturelt samfunn må få inn ny kompetanse, og eit kunnskapsavhengig samfunn må forhindre at kompetanse forsvinn utanlands. Høgt utdanna folk menneske vil ikkje å vente på jobb her i Noreg viss ingen vil tilsetje dei. Vi må handle no for å endre arbeidsmarknaden. Samfunnet vil tene på kvotering.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media