Vikarierande bomber

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert

Lure revar har fleire utgangar. Det er også nødvendig for den som vil overleva i maktposisjon. I så måte står den utkropne Bill Clinton og ørkenreven Saddam Hussein godt til kvarandre. Begge har eit påfallande fleksibelt og egosentrisk forhold til sannhet og løgn. Den tidligare guvernøren i Arkansas snor seg som ein glatt ål i det nettet av løgner han har vikla seg inn i. Diktatoren i Bagdad har kome i klemme etter narrespelet med FN-observatørane. Saddam fekk seg ein smekk i Golf-krigen etter voldtekta av Kuwait. Clintons problem i gylf-krigen er at han ikkje heldt på smekken.

Både Saddam og Clinton er trengt opp i eit hjørne gjennom sine eigne handlingar og forsøka på å skjula dei. Begge er kontrollert desperate.

Å angripa andre er ein velkjent måte å møta sine eigne problem på. I Clintons straffe-eksersis mot Saddam kan taktikken synast så ekstrem at den hadde vore eksotisk om den ikkje hadde vore så eklatant.

Om eit normalt, tvilsomt regime - som det er så mange av i verda, hadde oppført seg slik, ville vi ikkje ha nølt med å meina at krigen var sett i gang av indremedisinske grunnar. USA plar vera moralsk heva over den slags mistankar, men det er det ingen grunn til i dette tilfellet.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer