Blonderestar på silkeskjorta

Dagbladets Tom Stalsberg om fotballegenden George Best.

Georgie fintar ut Irskesjøen med panneluggen,

køyrer åtte smekre Jaguar-tunnelar før lunsj.

I Kings Road.Traffords hittebarn stønneri det rimfrosne graset.

Best er åleine.

18 meter frå målet no. Langt heim. Heimlaus.

Blonderestar på silkeskjorta, staskåk i lia og sterling kurs mot neste pub.

Høge glas i miniskjørt, runde etter runde med Alan Hudson.

Play ball, Belfast playboy. Vrooooom.

Bestie lurer målmannen i Månen, blir halden i trøya av Saturn, antasta av Miss World. The Best.

Eit lite sjampisglass for mennesket, eit stort tap for Man. United.

Tom Stalsberg