FORDUMS STORHET: Den største begivenheten i norsk skøytesport så langt denne sesongen var 6. november i fjor. Da fylte Knut Johannessen (foran) 80, skriver artikkelforfatteren. Dagen ble feiret med avduking av Nina Nesjes statue utenfor Bislett Stadion i Oslo.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
FORDUMS STORHET: Den største begivenheten i norsk skøytesport så langt denne sesongen var 6. november i fjor. Da fylte Knut Johannessen (foran) 80, skriver artikkelforfatteren. Dagen ble feiret med avduking av Nina Nesjes statue utenfor Bislett Stadion i Oslo. Foto: Heiko Junge / NTB scanpixVis mer

Den hollandske skøytepsyken

Det uoppløselige episke element i norsk skøytesport i perioden 1950—1973.

SØNDAGSKOMMENTAREN: I «Roman 1987» får Dag Solstad seg til å skriva: «Sport har den fordel at til tross for at den utløser voldsomme lidenskaper, blir det ikke avleiringer av dem, de sitter ikke igjen, de har få ettervirkninger utover øyeblikket.» Slikt vrøvl kan ein ikkje tilgje noen andre enn den kontrært flørtande Dag Solstad. I desse OL-dagane strøymer det jo på med emosjonelle og dramatiske øyeblikk som kjem til å bli bevart individuelt og dyrka i det kollektive minnet heilt til Brå sin brekte stav blir heil igjen. I historien om Norge i jubileumsåret blir idrettsheltar løfta fram som like viktige som Grunnlova i nasjonsbygginga.

Dag Solstad er sjøl, som så ofte elles, det beste beviset på at Dag Solstad tar feil. Fotball-forfattarskapet med Jon Michelet er medaljens forside. Solstad har alltid vore djupt fascinert av oppramsingar, tabellarisk visdom og sær detaljkunnskap. Det er derfor han er så god i quiz. Det er slik han har gått sine litterære løp etter eigne skjema. Det siste er slektstavler i Telemark. Før det har det vore gatenamn i Berlin og 99 fotnøtter til Armand Vs alternative verdenshistorie.

Det tok heilt av i «Roman 1987». (Også omtalt som «Når Fjordene gråner» av psevdonymet Askild Arne.) Sidene 86 til 109 ein desimal-detaljert gjennomgang av den triste skøytesesongen 1962, året før den norske skøyterevolusjonen. Det var eit grundig forsøk på beskriva det ugjennomtrengelige som har sett sine uutslettelige spor og merka ein heil generasjon for livet: Vi som er forma av rundetidskriving og kalkulering av poengsummar mens vi radioytta på raktuar Per Jorsett og Knut Bjørnsen (OSK), juniornorgesmester i hurtigløp på skøyter i 1951, foran Hroar Elvenes (OI) og Per Ødegård (OSK).

Den australsk-kanadiske syklisten Paul Enock (1934-2013) er eit viktig episk element i Solstads roman. Saman med sin vakre kone Eva, budde han i ei campingvogn i snøkanten på Lillehammer stadion. Der kom Paul Enok (Solstads skrivemåte) til å brenna hol i ulltrikoten over gassomnen. Derfor måtte han låna Evas ballettdrakt i nylon, og i den sette han verdensrekord på 3000 meter. Norske juniorar frå ASK, som låg i treningsleir på Lillehammer, avslørte utstyret, drog til Rønnings manufaktur i Storgata og kjøpte nylonbukser. Og resten er norsk skøyrerevolusjonshistorie.

Forum for skøytehistorie må vera ein av dei mest begeistra, intense og nerdete stader som finnest på nettet. Det er ein nostalgisk heime-aleine-fest for oss over 60. Der scannar folk ut sine sirlig innførte utgaver av «Alt om skøyter». Der diskuterer ein med kolossal kunnskap kva som er den mest overraskande gullvinnar i OL-historia: André Hoffmann på 1500 meter i 1988 eller Ivar Ballangrud på 500 meter i 1936. Der har eg sjøl fått dokumentarisk hjelp til å avklara ein intens krangel om Per Ivar Moes rundetid i fjerde siste runde på 5000 meter i Sovjet-landskampen på Bislett i 1963 var 34 eller 35. Der kan noen kasta fram spørsmålet om Island har hatt skøyteløparar det er verd å nemna - og få svar! Det var skøytebanar i Akureyri og Reykjavik på 50-talet, og Bjørn Baldursson toppa på den islandske lille adelskalenderen med 210.276 poeng og 5.27,80 på 3000 meter som beste notering.

Den adopterte dansken Kurt Stille (79) er eit heidersnamn mellom skøytenostalgikarar. Hans beste prestasjon var niendeplass på 10.000 meter under OL i Innsbruck i 1964. Han er seinare norsk veteranmester i maraton tre gonger, med 2.35,00 som bestetid. Han var første danske på 5-mila i Holmenkollen, har 30 startar i Birkebeinerrennet og 30 i Birkebeinerrittet - med åtte klassesigrar. Her om dagen la Stille ut eit OL-minne frå Squaw Valley i 1960, der han var einaste danske. Han blei assimilert i den norske troppen, fekk komplett norsk OL-koffert med utstyr; Ferner Jacobsen fjerna bare det blå i det norske flagget. Han budde på rom med Gjestvang, Elvenes og Aaness, og skipsreiar Jørgen Jahre stakk innom i hemmelighet kvar dag med same ekstra lommepengar til han som til dei norske. Stille følte seg heilt konge, men då dansk presse ville ha han med til Reno for å bli avbilda saman med den store Victor Borge, sa han nei, for han måtte passa treninga. Men dagen etter kom Victor Borge til Kurt Stille; så viktig var ein skøyeløpar: «Tenk dere at jeg, fra et Socialt Rekkehus i Brønshøj, med svennebrev, fikk oppleve dette p.g.a. skøyteløp!»

Den største begivenheten i norsk skøytesport så langt denne sesongen var 6. november i fjor. Då fylte Knut Johannessen 80, og det blei avduka statue av han utanfor maratonporten på Bislett, til musikk av Kampen janitsjar. Per Jorsett (94) heldt tale på den innandørs mottakelsen og lurte på kva han skulle seia til ein så ung mann. Jan Erik Vold (75) blei nekta adgang, men elles var «alle» i norsk skøytesport der, så det var ei godt moden forsamling som hadde ei nostalgisk høgtidsstund. Alle kunne sine 2.17,4, 7.45,6, 16.32,6 og 15.46,6. Og dei heldt orden på Wang Chin-yu og Lo Chi-huan. Quiz-nøtta ved bordet mitt var 16.-plassen i EM på Nya Ullevi i 1963. (Svaret er den femte frå Sverige, Uno Borgengård, noe som tyder på at også svenskane hadde skaffa seg nylonutstyr.)

Kupper'n gjekk for Ask, Arbeidernes skøyteklubb, som i 1978 skifta namn til Ask skøyteklubb i 1978 og vidare til Aktiv skøyteklubb i 2011. Kjente løparar som har gått for ASK er Sigrid Sundby Dybedal, Kai Arne Engelstad, Per Willy «Bettong» Guttormsen, Geir Karlstad, Bjørn Nyland, Frode Rønning og Knut Johannessen.

Alle Di Derre var store, og Kupper'n sjølsagt størst. Men likevel: Det er nok fleire nå som husker Erik Vea. NM på skøyter 73. I Larvik. Der han satsa, sprakk, fekk feilskjær og fall to gonger på siste runde. Men er gjort udødelig av Jo Nesbø som der og då fekk ein heilt ny helt som satsa på noe han umulig kunne greia. Kor det blei av Erik Vea? Han er kultursjef i Sørum og vann skøyte-VM for veteranar i si klasse i 2004. Og dukka opp i duett med Jo Nesbø på Sentrum Scene i 2012.

Akronymet ASK er stadig det same, men det er ikkje norsk skøytesport, verken kvalitativt eller kvantitativt. Den er ikkje lenger viktig som lokalt og nasjonalt samlingspunkt, ikonprodusent og religionssubstitutt. Skøytesportens vilkår i hovudstaden er ekstra vanskelige. Dersom ikkje Oslo får OL i 2022, blir det stadig bare Frogner stadion og Valle Hovin, også kalla Kalde Motvind. Mens dei ventar på tak over kunstisen på Sletthaug i Bergen, er det innadørs skøyehallar på Hamar når det ikkje er hundeutstilling i Vikingskipet, i Bjugn på Fosen og på Sørmarka. Det siste høyrest arbeiderbevegelsk ut, men det er ein skøytehall på Nord-Jæren.

Det berekraftige tvillingskapet mellom sosialdemokrati og skøytesport er over. Det er langt frå landsfader Einar Gerhardsen i anorakk på Bislett til skøytepresident og rådgivar Rune Gerhardsen (68).

Nederland har tapetsert sigerspallane i OL, rimeligvis. Der har dei banane, kulturen, psyken, pengane og statusen som lokkar talenta. Den hollandske dominansen er endå større enn den norske i velmaktsdagane til Oscar Mathisen, Ballangrud, Hjallis, Kupper'n, S-ane og Koss. Det er endå verre enn norsk kvinnelangrenn.

På grunn av den oransje overmakta er ISU-presidenten Ottavio Cinquantana så bekymra for framtida at han vil gjera hurtigløp meir tilskuarvennlig og finna opp nye øvelsar for å gje sigerssjansar til løparar frå andre nasjonar: Fleire fellesstartar, bort med stoppeklokka, inn med taktikken og ned med Olga Grafs glidelås. Eller korfor ikkje kombinert av hurtigløp og kunstløp? Eller skøyteskyting?

Den norske innsatsen i OL har vore som venta - altså begredelig. I skrivande stund kan vi stadig håpa på ei medalje, men å telja 5. og 6.-plasser og olympiske poeng er for trist for den gamle nasjonalidretten. Det er ikkje nok for eit evig liv. Så det er mulig at den døyr i nostalgisk skjønnhet, utan å ta skade på si udødelige sjel. Men det uoppløselige episke elementet er over. Det var eit generasjonsfenomen mellom Hjallis og Erik Vea, med proffligaen som eit oppløysande element og dei fire S-ane som epilog.

Lik Dagbladet Sport på Facebook