BØR BLI HEIME: At dei framleis vil sende denne mannen til å kommentere VM, framstår som totalt uforståeleg, skriv Tyssen. Skjermdump: Twitter
BØR BLI HEIME: At dei framleis vil sende denne mannen til å kommentere VM, framstår som totalt uforståeleg, skriv Tyssen. Skjermdump: TwitterVis mer

Statskanal utan innsikt

Når Nilssen er profilert fotballkommentator i NRK kan ein ikkje sjå mellom fingrane.

«I det minste drepte vi ingen fans», tvitret Manchester United-fan Christian Nilssen etter at laget hans tapte 0-3 for Liverpool.

Vanlegvis ville eg berre rista på hovudet. Det finst idiotar i alle leirar. Men når Nilssen er profilert fotballkommentator i NRK kan ein ikkje sjå mellom fingrane.

Under semifinalen i FA-cupen på Hillsborough den 15. april 1989 omkom 96 menneske som følgje av trengsel. I ettermælet gav staten, media og politiet Liverpool sine fans skulda for å ha drepe vener og familie, for å ha rana ofra og deretter ha pissa på dei daude. 23 år seinare vart saka gjenopna, fansen vart reinska for all skuld og det vart prova at politiet forfalska hundrevis av vitneforklaringar for å gøyme dei verkelege syndebukkane: Dei sjølve.

Det skjedde 23 år for seint. Statsminister Cameron måtte gje ei offentleg orsaking for den doble uretten dei attlevande har måtte lide. Det er enno snakk om å forfølge dei ansvarlege i politiet rettsleg. I år er det 25-årsmarkering av Hillsborough-tragedien. Samtlege klubbar i det engelske ligasystemet sender skjerf til markeringa. Alle kampane startar forseinka, og med eitt minutt stillheit før start, og på kvar einaste stadion står 96 seter tomme til minne om dei omkomne. Det same er tilfellet under FA-finalen. Det er, i høgste grad, alvorleg.

Alt dette er Nilssen fullstendig klar over. Likevel har han gjentatte gonger tweeta absolutt uakseptabelt om tragedien, Liverpool og fansen. Det er ikkje eit eingongstilfelle. «Always the victim, never your fault», og om Hillsborough, verkar å vere ein favoritt. «We're gonna hang Dalglish from the highest fucking tree, for all the scouse bastards to see» og personhets av spelarane er knapt nok betre. Han opptrer hatefullt, respektlaust og sårande ovanfor ofre for ei tragedie. Han handlar ikkje i affekt, men konsekvent over tid. Det er ikkje berre usmakeleg, men det trekk sjølvsagt djupt i tvil Nilssen si evne til å vere nøytral.

FØLG DAGBLADET MENINGER PÅ TWITTER OG FACEBOOK

At kringkastingsjefen avviser desse kommentarane som «lite elegante», men «ikke veldig alvorlige» er sjokkerande når ein kjenner konteksten. Det gjer Nilssen. At dei framleis vil sende denne mannen til å kommentere VM, gullbilletten innan fotballjournalistikk, framstår som totalt uforståeleg. Derfor starta eg oppropet for å få eit VM utan Christian Nilssen. Han fortener ikkje vere der. Vi fortener betre.

Om liverpoolfan Alsaker hadde sagt noko liknande om flyulukka i Munchen, der åtte spelarar frå Manchester United omkom, ville eg vore den første til å krevje det same.