Ein sosial-darwinisme for vår tid

Darwin-debatten etter prof. emeritus Arne Martin Klausens innlegg 23.8. har ikkje tatt opp hans hovedpoeng - vår tids neglisjering av dei svake i globalsamfunnet. Enda utfordringa var retta til Verdikommisjonen, hadde verdikommisjonens sekretær ikkje klart å oppfatte Arne Martin Klausens tankegang. La meg derfor prøve å ta opp dette frå ein ny synsvinkel, for å få debatten inn på det hovedsporet der Arne Martin Klausen befant seg.

«Tanker som før Murens fall ville blitt beinhardt fordømt av ein samstemmig venstrefløy, er nå brått blitt eit slags «akseptabelt diskusjonsgrunnla».

Av HARTVIG SÆTRA

Etter Darwin i forrige hundreår _ kom sosialdarwinismen. Eg skal ikkje lage noka stor utgreiing om dette: Den gjekk kort og godt ut på at dei «sterke» individa, samfunnsklassane og menneskerasane hadde «rett» til å herske, fordi det var til beste for menneskeheten i det lange løp _ det ville «foredle» mennesket som art. Den fremste eksponenten for dette synet var den engelskfødde tyskaren Houston Chamberlain, Wagners svigersønn. (Houston Chamberlain var Neville Chamberlains onkel, og ein av Hitlers åndelege fedre. Unekteleg eit poeng i München 1938?).
Historikarane forklarer freamveksten av sosialdarwinismen slik: Den var eit ideologisk-etisk overbygg for den dominerande «frie markedsmekanismen», og den legitimerte imperialismen.
Det er påfallende at interessa for Darwin er aukande i nittiåra, og at sosialdarwinistiske synsmåtar på nytt er i frammarsj. Også nå er «markedets usynlige hånd» rådande ideologi, og forskjellen på fattig og rik aukar globalt. Vi driv imperialisme på fattige mennesker og komande slekter. Men sosialdarwinismen opptrer riktig nok i diskret forkledning, fordi begrepet ikke er stuereint.
I staden har vi, spesielt i tysk debatt, fått eit nytt begrep: Triagisme. Som åndsretning oppsto det først i åttiåra ifølgje Friheten 1984 f(Ole Langeland) hadde den tyske professoren Hoimar von Dithfurthy ein artikkel i Der Spiegel, der han slår fast at «ethvert barn i u-land som gjennom matvarehjelp fra Vesten blir reddet, vil selv i neste generasjon være opphav til fem-seks nye mennesker. Dagblig dør 40ø000 barn i den fattige verden av sult eller sykdommer forårsaket av underernæring. Dersom alle disse overlevde som følge av vestlig matvarehjelp, ville katastrofen i neste generasjon ikke være til å unngå», skriv von Dithfurth.
Like etter dette fekk underskrivne besøk av Hans Magnus Enzensberger, som skulle finne ein «norsk utkant-idealist og utopist» for sitt bokprosjekt «Norsk utakt». I vår samtale ei sin nattestund hevda Enzensberger liknande synsmåtar som Dithfurth. Vi skiltes som uvenner, og det er merkbart på det «portrettet» han laga av meg.
Ingen trudde på meg da eg seinare fortalte kva Enzensberger sa til meg.
Men så kom 1992. Da gav Enzensberger ut essayet «Med udsigt til borgerkrigen» (dansk omsetting). der lanserer han v. Dithfurts tanke på nytt, nå under begrepet «triagisme». Enzensberger forklarer sjølv begrepet slik: Etter dei store slaga under Trettiårskrigen og andre store krigar i fortida, var det feltskjærens oppgåve å vurdere behandling av dei såra. Han delte da dei skadde i tre kategoriar, derfor namnet.
1.Dei som var så lte skadd at dei på eitt eller anna vis kunne klare seg sjølve, vart jaga vekk utan behandling.
2.Dei som var hardt såra, men kunne bli soldatar på nytt, fekk all den behandlinga som var til rådvelde.
3.Dei som var så hardt skadde at dei likevel ville døy, eller ville bli stridsudyktige for alltid, vart lagt til side for å omkomme.
Enzensberger drar i tvil om vi europearar kan vere moralsk ansvarlege for korleis folk lever _ og døyr _ rundt på kloden. Han går ut frå det bibelske begrepet «vår neste», og vil begrense dette begrepet til å gjelde innanfor vår eigen kulturkrets. Som så mange andre set han grensa ved Sarajevo. Dei som er bortanfor der _ serberar, kurderar m.fl. er ikkje «vår nest». Og han håner dei som «vil frelse verde», og tar pås eg ansvar for all verdas konfliktar og katastrofar. Hans «gode forsett» er at dersom vi tar oss av triagismens andre kategori, kan vi oppnå noko godt og lindre smerte. Dersom vi stadig insisterer på også å hjelpe kategori nr. 3, ødslar vi bort ressursar til ingen nytte. Dette er derfor i siste instans menneskefiendtleg!
Som vi ser, er Enzensbergers triagisme eit logisk framhald av tankegangen bak den høgt lovpriste boka «Norsk utakt», utgitt av Pax Forlag. Og hans standpunkt har knapt blitt registrert i norsk debatt. Sjølv har eg fått artiklar om emnet refusert av alle større aviser. Det er neppe fordi ein ikkje har forstått Enzensbergers tankegang, men meir fordi det ikkje «passar seg» i norsk debatt å ta dette opp til kritisk analyse.
I Danmark vekte derimot triagismen skarpe kommentarar. Kulturforskar Lars Qvortrup, Odense, samanliknar i «Information» 25.1.94 Enzensbergers syn med den kontroversielle danske presten Søren krarup, «Danmarks Myrdal». Også ein av «Information»s redaktørar, Klavs Birkholm (1.3.94) og den kjente spaltisten om u-landsspørsmål Knud Vilby (17.7.93) reagerer skarpt mot Enzensberger. Men i Norge har det vore «hoggande stilt» som Vesaas seier.
Enzensberger er berre eitt av mange eksempel på korleis Balkan-krigen har forvirra europeisk opinion, spesielt på «venstresida». Tankar som før Murens fall ville blitt beinhardt fordømt av ein samstemmig venstrefløy, er nå brått blitt eit slags «akseptabelt diskusjonsgrunnlag». Globaliseringa med all sin brutalitet har i nittiåra slått inn med full kraft, og det blir rekna som «utopisk» å starte motkrefter mot det som skjer. Riktig nok blir det skrive bøker på Kontinentet der globaliserings-barbariet blir hudfletta, - nå sist av den kjente polske eksil-filosofen Zygmunt Bauman, men heller ikkje han kan peike på vegar ut av uføret. Det ser ut som om ei utvikling dei fleste av oss fryktar og skammar oss over, ikkje lar seg stanse, uansett kor høge etiske mål vi har. Vegen mot barbariet og triagismen ser ut til å vere uavvendeleg, og brulagt med gode forsettar om «å berge i alle fall litt av kategori 2». (Hører det «demokratiske» Russland med der?)
Vi er altså, slik eg har forstått Arne Martin Klausen, på veg mot eit globalt samfunn der befolkningseksplosjon, marknadsøkonomi og menneskeartens utviklingsnivå vil tvinge befolkningseksplosjon, marknadsøkonomi og menneskeartens utviklingsnivå vil tvinge oss til å omvurdere begrepet om «allmenngyldig menneskeleg likeverd,», slik dette er nedfelt i FNs Menneskerettskonvensjonar av 1966, spesielt Konvensjonen om økonomisk, sosial og kulturelt likeverd (ESC), _ som vår einaste supermakt USA typisk nok ikkje vil ratifisere. _ Med andre ord: Vi er på veg mot triagismen, eller rettare: vi er der allereie.
Arne Martin Klausen set si lit til at mennesket før ressursane tar slutt, vil utvikle ein «ny versjon» av Homo Sapiens, som han kallar «kulturatene» etter antropologen Marvin Harris. Den nåverande mennesketypen er tydelegvis ute av stand til å styre økonomien, og lit på «markedets usynlige hånd». Som Arne Martin Klausen seier. «Men det er like sannsynlig at det moderne samfunn med all sin kompleksitet og sårbarhet forutsetter en menneskeskapt styring og planlegging av en ny og mer effektiv type for å unngå anarki og sammenbrudd». Med andre ord: Det finst alternativ til triagismen. Men den mennesketypen som kan gjennomføre dette alternativet, er ennå ikkje skapt. det er framleis egoismen og «den sterkes rett» frå fortidas bergholer som er Homo Sapiens evolusjonære stadium. «Kulturatane» må utvikle seg gjennom evolusjon (gjennom eit sett av katastrofar?) før mennesket klarer å takle si økologiske krise.
Evolusjonen er ein langsam og brutal prosess _ kanskje for langsam til at mennesket vil overleve? Enkelte økologiske pessimistar har vore inne på dette.
Vi som trass i alt er optimistar på menneskets vegne, må slå fast dette: Det finst allereide kulturatar blant menneska. Dei bør slå seg i hop og kjempe mot vår tids brune pest: Triagismen.
Men det ser ikkje ut til at Verdikkommisjonen kan hjelpe oss, Arne Martin Klausen!